Høyring og offentleg ettersyn - Forslag til ny avfallsforskrift for Osterøy kommune - Merknadsfrist 31.10.2021
Formannskapet gjorde i sak 056/21, den 08.09.2021, slikt vedtak:
"Framlegg til ny Forskrift for handtering av hushaldsavfall i Osterøy kommune vert lagt ut offentleg høyring i perioden september/oktober 2021."
Forslag til ny avfallsforskrift for Osterøy kommune kan du lese her
Saksopplysningar:
Bakgrunn
Gjeldande avfallsforskrift for Osterøy kommune vart vedteken i heradsstyret 30.10.2013, sak 044/13, sjå vedlegg, og den vart sett i kraft frå 01.03.2014, Forskrift om handtering av avfall frå hushald, Fusa, Kvam, Os, Osterøy, Samnanger, Sund og Vaksdal kommunar, Hordaland - Lovdata.
Utkast til ny forskrift om hushaldningsavfall vart sendt på høyring til kommunane i desember 2019. Bergen kommune valde då å ta over sakshandsaminga for forskrifta for Bergen kommune. Forslag til forskrift er utarbeidd i dialog med BIR, og BIR si vurdering er at dette forslaget til forskrift med nokre mindre justeringar også kan nyttast av dei andre eigarkommunane.
Bergen kommune sitt forslag kan du lese her. BIR tilrår ut frå rettleiings- og sakshandsamingsomsyn at forskriftene i omegnskommunane vert så like som råd og at vidare at dei er mest mogleg lik forskrifta for Bergen kommune. BIR har nokre konkrete forslag til justeringar som bør innarbeidast for eigarkommunane utanom Bergen. Dette gjeld
- § 2-2 der BIR får mynde til å kreva inn gebyr på vegne av kommunen, noko som er ei vidareføring av gjeldande praksis
- § 3-1 Handtering av hushaldningsavfall, tredje ledd, der BIR tilrår ei formulering som ivartek framtidige behov for endringar som følgje av nye sentrale krav eller kommunale ønske eller målsetjingar
- § 5-4 Overtredingsgebyr der BIR får mynde til innkreving av overtredingsgebyr på vegne av kommunen til liks med mynde til å ileggja tvangsmulkt. BIR tilrår at begge desse bør delegerast, då dette gir den beste sakshandsamingsprosessen med kort avstand mellom saksbehandling og det operative og kontrollerande leddet.
- § 7.1 Ikrafttreding. Ny forskrift vert sett i kraft etter vedtak i heradsstyret og etter offentleg kunngjering
Forslag til ny forskrift for Bergen kommune og for øvrige eigarkommunar kan du lese her. BIR har lagt opp til ein prosess der kommunane legg forslaget ut til høyring tidleg på hausten 2021. Etter høyringa vert saka lagt fram til politisk handsaming og vedtak av ny forskrift. Etter kunngjering vil ny forskrift tre i kraft. Reglane for utarbeiding av forskrifter går fram av forvaltningslova kap. VII. Før ei forskrift vert endeleg vedteken skal dei den vedrører ha høve til å uttala seg. Kommunen avgjer korleis høyringa skal skje. Uttale skal gis skriftleg. Normal høyringsfrist for forskrifter er 6 – 8 veker. Dersom forslaget vert lagt ut til høyring tidleg i september, kan endeleg vedtak i gjerast i heradsstyret 10. november.
Vurdering
Rådmannen sluttar seg til BIR sine vurderingar av behovet for mest mogeleg like forskrifter i eigarkommunane. Ny forskrift vidarefører for ein stor del gjeldande forskrift, men inneheld nødvendige oppdateringar og endringar som følgje av nye lovkrav til avfallshandtering, og er tilpassa eigne målsetjingar i kommunane m.a. knytt avfallsreduksjon og materialgjenvinning.
Rådmannen har ikkje merknader til utkast til ny forskrift og at utkastet vert lagt ut til offentleg høyring. >
Folkehelse - ikkje vurdert i saka
Miljø - ny forskrift stettar krav til forsvarleg og miljøvenleg avfallshandtering
Økonomi - ingen endringar i høve til dagens situasjon
MERKNADSFRISTEN er sett t.o.m 31.10.2021
MERKNADAR sendast til post@osteroy.kommune.no eller pr brevpost til: Rådhuset, Postboks 1, 5293 Lonevåg