Høyring og offentleg ettersyn - 2.gongs høyring Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland
Kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal har i fellesskap utarbeiddeit forslag til interkommunal plan for sjøareala i kommunane, jf. plan og bygningslova (pbl.) §§9-1, 9-2 og 9-3. Det interkommunale planutvalet (IKPU) har fått mynde til å sende planen ut på høyring og offentleg ettersyn. Planen bygger på rammene i planprogrammet som vart vedteke av IKPU juni 2021 og det som var på 1. gongs høyring.
Planområdet omfattar sjøareala i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal. Planområdet gjeld berre sjøområda. Det vil seie frå flomålet i elveosar, vassflata, vassøyla ned og sjølve sjøbotn. Avgrensing ut i sjø er 1 nautisk mil utanfor grunnlinja og etter rammene elles i hamne- og farvannslova.
Dette er ein arealplan for sjøareala over kommunegrensene og skal sikre langsiktige rammer for berekraftig arealbruk, forvaltning og verdiskaping i sjøområda. Planen skal munne ut i ein juridisk bindande plan på kommuneplannivå.
Merknad
Alle innbyggjarar, næringsaktørar, frivillige lag og organisasjonar og offentlege mynde kan sende inn merknad til planforslaget. Det kan gjelde forslaget til arealplan og føresegnene til arealplanen.
Merknadsfrist er sett til 10.mai 2023
Alle innspel skal merkast - «Høyring Interkommunal plan sjøareal» (emnefeltet i epost) – og sendast til post@regionnordhordland.no
eller som brev til
Region Nordhordland IKS, Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø