HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHøyring og offentleg ettersyn - 2.gongs handsaming - Detaljregulering Haus sentrum sør - PlanID 46302020002 - Merknadsfrist 8 januar 2023

Høyring og offentleg ettersyn - 2.gongs handsaming - Detaljregulering Haus sentrum sør - PlanID 46302020002 - Merknadsfrist 8 januar 2023

Med heimel i plan og bygningslova §12-10 har plan- og kommunalteknisk utval i møte 26.10.2022 vedteke følgande:

Framlegg til detaljregulering Haus sentrum sør, planID 46302020002 med plankart dagsett 20.05.2022, føresegner dagsett 19.10.2022 og planskildring dagsett 19.10.2022 vert lagt ut til 2.gongs høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova §12-10.

Saksopplysningar

Planforslag har vert ute på 1.gongs høyring og offentleg ettersyn og det kom inn sju merknadar til planforslaget. Hovudprinsippa i planen er som ved 1. gongs høyring, men det er gjort nokon mindre endringar og justeringar som medfører ny høyring. Dei fleste merknadane frå offentlege mynde er teke til følgje, eller avklart via dialog og det er gjort justeringar som følgje av private merknadar.

Skildring av planforslaget

Planområdet er om lag 7 daa og ligg sentralt plassert i Haus sentrum. Planframlegget legg til rette for at det kan etablerast ein lågblokk på felt BBB. Lågblokken vil erstatte Hetlandhuset og ein eldre einebustad på gbnr 62/19. For å sikre gode bumiljø er det krav til både privat og felles uteareal for nye bustadar. For felt BS (Kiwi-bygget) vert det ikkje lagt opp til endringar med tanke på grad av utnytting eller byggehøgde.

Det er regulert gode, gjennomgåande, løysingar for mjuke trafikantar gjennom heile planområdet. Mellom anna er det regulert fortau med ein bredde på 2,5 meter i fylkesvegen og langs felt BBB, gatetun mellom Thunestveitbygget og Kiwi-butikken, og fortau som koplar seg på regulert løysing ved kyrkja.

Det er i planframlegget opna for at det kan byggast nærmare fylkesvegen enn gjeldande regelverk tillat i felt BBB. Grunnen til det er at dette arealet er naudsynt med tanke på å få til ein fornuftig fortetting i området, i tillegg til at dagen situasjon er enda tettare på fylkesvegen. Det er låg fartsgrense i området så det vil vere lite støy frå vegen, i tillegg til at dagens tekniske krav til bygg har strenge krav i støysoner. Planen regulerer også ein ny innkøyring frå fylkesvegen til sentrumsområdet.

Rekkefølgjekrav

Det er rekkefølgjekrav om at avkøyrsla (og fortau) frå fylkesvegen skal vere gitt bruksløyve før det kan søkast om nye bygg på felt BBB. Ein ser ofte at det vert søkt om og satt i gang grunnarbeid før det vert søkt om løyve til nye bygg, noko som kan gjerast her utan at rekkefølgjekravet slår inn.

I tillegg er det eit nytt rekkefølgjekrav knytt til avkøyrsla mot Votlovegen for nye bygg i felt BS. På bakgrunn av merknad frå Vestland fylkeskommune. Dette rekkefølgjekravet er utanfor planområdet og ligg i plan «Haus sentrum. Gnr 62, bnr 69 mfl» PlanID 2009001.

Det er gjort endringar med tanke på rekkefølgjekrav til leikeareal da det er redusert frå 20 m2 pr bueining til 15 m2 pr bueining. I tillegg er det satt som eit krav for bustadar i felt BBB å løyse krav til leikeareal i felt o_BLK som er på 160 m2. Krav til leikeareal utover dette kan løysast ved å legge til rette for leik i gatetunet o_SGT.

Endringar etter 1. gongs høyring

- Nytt rekkefølgjekrav for nye bygg på felt BS (nemnd under rekkefølgjekrav).

- Leik: Redusert krav til leik for bustadar i planområdet. Krav om å opparbeide o_BLK. Opna for å oppfylle krav til leik i felt o_SGT. Føresegner justert på bakgrunn av dette.

- Det er presisert at felt o_BLK «kan» tas over av kommunen, men presisert at krav til opparbeiding og krav til at leikeplassen er tilgjengeleg for ålmenta gjeld uansett.

- Vernevurdering. Det er gjort ein utfyllande vurdering av bustadhus på eigedom 62/19 i planskildringa. - Vurdering av støy. Det er gjort ein vurdering av støy i planskildringa og kva påverknad felt BBB får av å ligge delvis i støysone.

- Lagt inn føresegn om at det kan gjerast tiltak i felt BE for å hindre gjennomgang dersom det ikkje er til hinder for føremålet eller for trafikkavviklinga i området.

- Endringar grunna skrivefeil eller andre presiseringar i føresegn som ikkje får verknadar for planen vert ikkje lista opp.

Vurdering av endringane

Rådmannen vurderer at endringa som medfører mindre leikeareal pr bustadeining kan vere uheldig for barn og unge isolert sett. Grunnen til at leikeareal likevel er redusert er at felt BBB er såpass lite at det er naudsynt med høg utnytting for at det skal vere mogleg å gjennomføre ein utbygging. I tillegg er det rekkefølgjekrav på infrastruktur til veg før ein kan bygge ut felt BBB og den totale belastninga av rekkefølgjekrav må difor takast omsyn til i vurderinga av leikeareal pr bustadeining. Vurderingar av planframlegget til 1. gongs høyring.

Generell vurdering

Rådmannen meiner kravet til områdeplan i Haus ikkje er realistisk å få gjennomført på grunn av manglande ressursar og lite byggjeland sentralt. For å kunne planlegge for eit mindre område har det difor vore viktig å fokusere på å løyse mest mogleg av utfordingane i Haus. I denne planen er nokon av dei trafikale utfordringane med tanke på utrygge løysingar for mjuke trafikantar og dårleg avgrensa utkøyrslar løyst. Planen har fokusert på at valte løysingar ikkje skal legge hindringar for kommande planar og vidare utvikling i Haus.

Trafikk

Dette planframlegget vil ikkje løyse alle trafikale utfordringar i Haus. Planframlegget utbetrar områda innanfor plangrensa ved å sikre ein ny avkøyrsle og fortau på 2,5 meters breidde i fylkesvegen og langs lågblokken i felt BBB. I tillegg regulerast det gjennomgåande løysingar for mjuke trafikantar gjennom Haus sentrum som koplast på regulert løysing forbi kyrkja mot skulen. Sjølv om det framleis vert utfordringar med trafikksituasjonen i Haus så vil ikkje dette planframlegget vere til hinder for framtidig utvikling.

Folkehelse

Det er i dag mangel på leilegheiter i Haus og bustadmassen i krinsen består stort sett av einebustadar. Å sikre ein differensiert bustadmasse er eit uttalt mål i kommuneplanens samfunnsdel. Det er eit folkehelsetiltak å kunne bo på same plassen gjennom heile livet og det gir gode, trygge bumiljø.

Miljø

Planframlegget vil ikkje medføre ulemper for miljøet. Fortetting er i utgangspunktet miljøvennleg utvikling.

Økonomi

Leikearealet er regulert til offentleg leikeplass. Drift og vedlikehald vil da vere eit offentleg ansvar når det vert aktuelt.

Planframlegget omfattar

Saksframlegg Plan og kommunalteknisk utval 26.10.2022

  1. Plankart dagsett 20.05.2022
  2. Planføresegner dagsett 19.10.2022
  3. Planskildring dagsett 19.10.2022
  4. Vegteikning C-01
  5. Vegteikning F-01
  6. Merknadsskjema
  7. HS sak 10120 Planinitiativ til avklaring
  8. Planføresegner til 1.gongs høyring
  9. 1_ VLFK merknad
  10. 2_SVV merknad
  11. 3_STFV merknad
  12. 4_NVE merknad
  13. 5_BIR merknad
  14. 6_Eldrerådet merknad
  15. 7_Norgeshus Mjelde Bygg merknad.
  16. Saksframlegg til 1. gongs høyring 

Planområdet er regulert til følgande føremål:  

1. Bygg og anlegg; Bustadar – blokker (BBB) Sentrumsføremål (BS) Kommunaltekniske anlegg (BT) Leikeplass (BLK)

2. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur; Veg (SV) Fortau (SF) Parkering (SPP) Gatetun (SGT) Kollektivhaldeplass (SH) Leskur (SL) Anna veggrunn – grøntareal (SVG)

3. Omsynssone; Støysone – Gul sone (H220) Sikringssone frisikt (H140)

Merknad

Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.

For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til

Osterøy kommune, Postboks 1, 5293 Lonevåg.

Merk innsending av merknaden «Til planavdelinga».

Merknadsfrist: 8. januar 2022


Sist oppdatert: 18.11.2022
Publisert: 17.11.2022