HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHeradstyret vedtok den 12.juni 2024 å sende utkast til Planstrategi for Osterøy kommune 2024 - 2027 på høyring

Heradstyret vedtok den 12.juni 2024 å sende utkast til Planstrategi for Osterøy kommune 2024 - 2027 på høyring

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2021 – 2031 vart vedteken hausten 2021, og kommunen er i prosess med kommuneplanen sin arealdel fram mot 2033. Denne vil venteleg bli vedteken i våren 2025.

 

Kommunen vil møte utfordringar knytt til viktige samfunnsområde som miljø og klima, folketalsutvikling, næringsutvikling  og arbeidsplassar. Kommunens økonomiske situasjon set klåre rammer for ambisjonsnivå og samfunnsutvikling, noko som vil prege samtlege sektorar og kommunale planar dei komande åra. Den økonomiske situasjonen for Osterøy kommune utgjer ein viktig premiss for planlegginga i denne valperioden. Samstundes vil det vere slik at den kommunale økonomien også utgjer ein utfordring som kommuneplanen må kome i møte. Planstrategien for denne valperioden legg dei same utfordringar til grunn som førre planstrategi; utfordringar knytt til folketal og busetnad (demografi), miljø  og klimatilpassing, attraktivitet og trivsel. Planstrategien må leggje opp til at kommuneplanen tar opp i seg desse utfordringane og finn fram  til dei rette tiltaka for å handtere dei på best mogleg måte.

 

Osterøy kommune har ambisjon om å oppretthalde eit planverk som evnar å sikre samfunnet velferd, næringsutvikling, arbeidsplassar og gode lokalsamfunn for framtida, alt i eit overordna berekraftperspektiv.  

 

Dersom du har merknader til planstrategien kan du sende desse til  post@osteroy.kommune.no  Merk sendinga Planstrategi.

 

Frist for å kome med merknader er satt til 30.august 2024.

Lenke til Planstrategi 2024 - 2027. Høyringsutkast 


Sist oppdatert: 27.06.2024
Publisert: 27.06.2024