HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarFolkehelseoversikt 2023- 2024 vart vedteke på Heradsstyremøte 12. juni og vert med dette kunngjort.

Folkehelseoversikt 2023- 2024 vart vedteke på Heradsstyremøte 12. juni og vert med dette kunngjort.

Oversikten vart i hovudsak utarbeidd i 2023, men vart supplert med data frå Folkehelseprofilen for 2024 der det var skilnader frå 2023. Det er generelt små skilnader mellom åra.


Folkehelse er sentralt i ein berekraftig utvikling og utgjer ein viktig sektorovergripande og overordna premiss for all kommunal planlegging og verksemd. Eit folkehelseperspektiv handlar om velferd i vid forstand; med andre ord om trivsel, trygge oppvekstmiljø, gode lokalsamfunn, tilhøve til naturen og førebygging av sjukdomar og dårleg helse. Dette perspektivet skal leggjast til grunn for arbeidet i alle sektorar i kommunen. Det skal leggjast særleg vekt både på barn og unge i høve til førebyggande helse- og trivselsarbeid, og på å legge til rette for eit aldersvenleg samfunn.

Lenke: Folkehelseoversikt 2024 - 2027.


Sist oppdatert: 27.06.2024
Publisert: 20.06.2024