HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringar3. gongs handsaming av plansak 46302015003 Hosanger næringsområde - Holedalen - Mjøsvågen - Hosanger

3. gongs handsaming av plansak 46302015003 Hosanger næringsområde - Holedalen - Mjøsvågen - Hosanger

Planframlegget legger opp til ei utviding av eksisterande næringsområde tilknytta Mjøs Metallvarefabrikk AS i Hosanger. Planframlegget sikrar også rekkefølgjekrav på naudsynt infrastruktur.

Tiltakshavar er Mjøs Metallvarefabrikk AS. Plankonsulent er Opus Bergen AS.

Planframlegget var ute til 1. gongs høyring og offentleg ettersyn i perioden 28.06.2020 til 30.08.2020. Det kom inn 9 merknadar, mellom anna motsegn frå NVE.

Planframlegget var ute til 2. gongs høyring og offentleg ettersyn i perioden 19.02.2020 til 07.04.2020. Det kom inn 7 merknadar.

Merknaden frå vegeigar Vestland Fylkeskommune var tydeleg på at dei ikkje ville godkjenne auka bruk av eksisterande avkøyringa slik det låg føre i planframlegget. Merknaden har ført til endringar som omtalt under. Det har samstundes vore naudsynt med mindre endringar knytt til omsynssonar for flaum og for kraftledingar. Då endringane er av prinsipiell karakter og berre angår delar av planen så vurderer rådmannen at saka kan handsamast administrativt jamfør delegeringsreglementet.

Hensikta med ei avgrensa høyring er å la regionale aktørar få uttale seg om endringane som gjeld deira fagfelt. Høyringsinstansar i denne avgrensa høyringa er Vestland Fylkeskommune (ved veg og infrastruktur), Statens Vegvesen, NVE og BKK.   

Plandokument:

 

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfrist. Merknaden stilast til planavdelinga. For å kome med merknad kan ein nytte e-post til post@osteroy.kommune.no, eller brevpost til:

Osterøy kommune, 

Postboks 1

5293 Lonevåg

 

Merknadsfrist er sett til 14.10.2020.


Sist oppdatert: 03.09.2020
Publisert: 03.09.2020