HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringar2. gongs høyring og offentleg ettersyn Områderegulering Lonevåg -Lonevåg-Hatland planID 46302015001 - merknadsfrist 28.mai 2021

2. gongs høyring og offentleg ettersyn Områderegulering Lonevåg -Lonevåg-Hatland planID 46302015001 - merknadsfrist 28.mai 2021

Med heimel i plan og bygningslova §§12-10 og 12-14 har Formannskapet i møte 24.03.21 vedteke å leggje fylgjande planforslag ut på 2.gangs høyring og offentleg ettersyn. 

Formannskapet gjorde i sak 019/21 følgjande vedtak:  

Framlegg til Områderegulering Lonevåg -Hatland, planID 46302015001 med plankart dagsett 23.02.21, føresegner og planskildring dagsett 24.02.21 samt tilhøyrande vedlegg vert lagt ut til 2.gongs høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10. 

FRAMLEGG TIL PLAN

Det er utarbeida områderegulering for Lonevåg- Hatland. Tiltakshavar for planen er Osterøy kommune og utførande konsulent er planavdelinga i kommunen.

Framlegg til plan har vore på høyring og offentleg ettersyn i perioden 15.05.20 til 14.07.20. Det kom inn 20 merknader og 1 motsegn. Ved 1.gongs høyring og offentleg ettersyn fremja Vestland fylkeskommune administrativ motsegn til planen. Ei administrativ motsegn, har rådmannen fått opplyst, er ei motsegn som ikkje er basert på prinsipielle tilhøve. Prinsipielle tilhøve krev politisk handsaming for å fremje motsegn. Rådmannen har gjennomført møter med fylkeskommunen for å rydde opp det som var uklårt, og for å finne løysingar som begge partar er nøgde med. Dette vurderer rådmannen at ein har greidd.

Det er gjort endringar både i plankart, føresegn og planskildring. Mange av endringane er basert på innkomne merknader og motsegna. Det er også nytta høve til å gjennomføre rettingar av feil og manglar som vart oppdaga etter at områdeplanen vart lagt ut til 1.gangs handsaming.

Hovudprinsippa i planen er som ved 1.gangs høyring. Endringane er i hovudsak gjort greie for i saksutgreiinga og i merknadsskjema med rådmannen sine kommentarar.

 

PLANFORSLAGET OMFATTAR

  1. Saksutgreiing 
  2. Plankart
    1. Utsnitt av Lonevåg sentrum
  3. Føresegner
  4. VA-plan
  5. Planskildring
  6. Park i Lonevåg sentrum - skisseprosjekt
  7. Landskapsplan – leikeareal
  8. Illustrasjonsplan
  9. Skredfarekartlegging
  10. Flaumsonekartlegging
  11. Flaumfarekartlegging Husavatnet
  12. Konseptanalyse flaum
  13. Rapport kulturhistorisk registrering
  14. Resultat frå marinarkeologiske registreringar
  15. Handelsanalyse
  16. Merknadsskjema – innkomne merknader etter 1.gongs høyring med rådmannen sine kommentar.
  17. Vegprosjektering av fylkesveg gjennom Lonevåg sentrum C001-C003
    1. C001
    2. C002
    3. C003
  18. Vegteikningar fylkesveg
    1. F001
    2. F002
    3. F003
  19. Vegprosjektering av fylkesveg ved småbåthamn

Plankartet saman med føresegnene er juridisk bindande for framtidig arealbruk jfr pbl § 12-4.0

Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn

Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.

For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til

Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.

Merk gjerne innsending av merknaden «Til planavdelinga» og med PlanID for den aktuelle planen.

Merknadsfrist: 28.05.2021

Etter utgått merknadsfrist vert innkomne merknadar vurdert og planfranlegget evt. justert før ein legg planframlegg fram for 3.gongs handsaming, jfr Pbl § 12-10.

For å følge saka kan du gå inn her: 14/1741 - Områderegulering Lonevåg 


Sist oppdatert: 16.04.2021
Publisert: 14.04.2021