HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringar2. gongs høyring og offentleg ettersyn Detaljregulering Hosanger næringsområde - merknadsfrist 07.04.2020

2. gongs høyring og offentleg ettersyn Detaljregulering Hosanger næringsområde - merknadsfrist 07.04.2020

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) § 12-10 har plan- og kommunalteknisk utval den 12.02.2020 gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til høyring og offentleg ettersyn.

«I medhald av plan og bygningslova §§ 12-10 og 12-11 vert framlegg til plan for Detaljregulering Detaljregulering Hosanger Næringsområde – PlanID 12532015003, med plankart datert 30.01.2020, føresegn datert 30.01.2020, planskildring datert 30.01.2020, VArammeplan datert 05.04.2017 og andre tilhøyrande dokument vedlagt i saka, og med slike tillegg som vedteke i møtet, lagt ut til 2. gangs høyring og offentleg ettersyn.»

Du kan lese saksframlegget i sin heilskap her. 

Framlegg til plan

Det er utarbeida framlegg til detaljregulering av utviding av næringsområdeområde i tilknytning til Mjøs metallvarefabrikk AS i Hosanger. Området er stort sett avsatt til næring i Kommuneplanens arealdel. Formålet med planen er å legge til rette for ein auke i næringsverksemd. Planområdet er på om lag 71 daa. Det er lagt inn rekkefølgjekrav knytt til utbetring av vegløysinga i Tveitavegen.

Forslagsstillar er Mjøs Metallvarefabrikk AS og utførande konsulent er Opus Bergen AS.

Planforslaget omfattar: 

Plankartet saman med føresegnene er juridisk bindande for framtidig arealbruk, jmf pbl § 12-4.

Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn 

Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Plandokument og vedtak ligg tilgjengeleg i kommunen sitt planregister under "Reguleringsplan under arbeid" og til gjennomsyn i servicekontoret på Rådhuset, samt på Osterøy Bibliotek.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.

For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til

Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.

Merk gjerne innsending av merknaden «Til planavdelinga» og med PlanID 12532015003  

Merknadsfrist: 07.04.2020


Sist oppdatert: 25.02.2020
Publisert: 24.02.2020