HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringar2. gong høyring og offentleg ettersyn: Detaljregulering - Helldal småbåthamn og strandsone - PlanID 46302022001

2. gong høyring og offentleg ettersyn: Detaljregulering - Helldal småbåthamn og strandsone - PlanID 46302022001

Tillegg til føresegner, Punkt 4. Føringar av anleggsfasar.

Nytt punkt 4.2

Det må utarbeidast ein massehandteringsplan. Overskotsmassar skal nyttast best mogleg og med kortast mogleg transport for å auke og betre tilhøve for jordbruk og skogbruksdrift. Dette må i størst mogleg grad nyttast lokalt for å auke areal som kan haustast og nyttast maskinelt.

(Endringa av føresegner inngår i føresegnene som ligg ved planutkastet)

Hovudformålet med planen er å leggja til rette for småbåthamn og fellesnaust for oppbevaring av utstyr for fritidsaktivitetar i tilknyting til Helldal hyttefelt og Hoshovdstølen bustadområde. Planen legg også til rette for badeplass. Planen opnar også for større tilgang for ålmenta til strandsona.

 

Planforslaget

Planen gjeld eit areal på ca. 77,3 daa nordvest for Hosanger sentrum, og omfattar både land- og sjøareal. Planforslaget er i samsvar med kommunen sin strandsoneplan. Planframlegget opnar for småbåtanlegg, bryggjeanlegg, molo og badestrand i Hamna. Småbåtanlegget vil ha plass til opp til 40 båtar – redusert frå 60 båtar i det første planutkastet. Reguleringsplanen legg til rette for å bygge sanitæranlegg, 3 fellesnaust for oppbevaring av reiskap knytt til sjøbruk (kajakk, segling, fiske osb.), samt ein parkeringsplass for båteigarar, besøkjande og dei som har naust i området. Det er uttrykt eit klart mål om å gje ålmenn tilgjenge til strandsona - med m.a. universelt utforma gangsti frå parkeringsplassen til strandsona.

Illustrasjonsbilete av planløysing Heldal Småbåthamn

Illustrasjon av planløysing

Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn

Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast på kommunen si heimeside. Plandokumenta og sakspapir finn du fysisk i resepsjonen på kommunehuset, og du kan sjå dei på nett i kommunen sitt planregister her: https://www.arealplaner.no/osteroy4630/arealplaner/106

Grunneigarar, naboar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er varsla pr. brev.

For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til: Osterøy kommune, Postboks 1, 5293 Lonevåg.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.

Merk innsending av merknaden «Til planavdelinga».

Frist for å levere merknader til planforslaget er 09. juni 2024


Sist oppdatert: 02.05.2024
Publisert: 02.05.2024