HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringar1.gongs høyring og offentleg ettersyn: Detaljregulering – Haugemyrane aust – Hauge – PlanID 4630-2019004

1.gongs høyring og offentleg ettersyn: Detaljregulering – Haugemyrane aust – Hauge – PlanID 4630-2019004

Innstilling fra administrasjon eller forrige behandling vart vedteken. 

Vedtak i Plan- og kommunalteknisk utval - 24.04.2024 av 1. gong handsaming - detaljregulering Haugemyrane aust Hauge -planID 46302019004:

Forslag til reguleringsplan for Haugemyrane aust – Hauge – planID 46302019004 med plankart datert 07.02.24, føresegner datert 07.02.2024, planskildring datert 07.02.2024 – med tilhøyrande dokument vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan og bygningslova § 12-10. Planforslaget vært tilgjengeleg gjennom elektroniske media. Frist for å gi uttale og eventuelt fremme motsegn skal være minst seks veker.

 

Formålet med planforslaget er etablering av daglegvare med tilhøyrande parkeringsareal og etablering av annan mindre næringsverksemd/forretning med tilhøyrande parkering. Planens hovudformål foreslås til kombinert formål forretning/kontor/tjenesteyting.

 

Planforslaget

Planområdet er på 22,1 dekar og ligg på Oksadrepet- Hauge i Osterøy kommune. Planforslaget er i samsvar med arealdelen til kommuneplanen, og arealet er avsatt til sentrumsformål i kommunedelplan Hauge 2006-2018. Arealet er per i dag ubygd.

Illustrasjonsbilete planområdet Haugemyrane  Illustrasjonsbilete Haugemyrane

Lokalisering ved eigedom; gnr. 4, bnr. 95 – Oksadrepet – Hauge, Osterøy kommune.

Illustrasjonsbilete Haugemyrane Plankart

Plankart

Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn

Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast på kommunen si heimeside. Plandokumenta og sakspapir finn du fysisk i resepsjonen på kommunehuset, og du kan sjå dei på nett i kommunen sitt planregister her: arealplaner.no

Grunneigarar, naboar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er varsla pr. brev.

For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til: Osterøy kommune, Postboks 1, 5293 Lonevåg.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.

Merk innsending av merknaden «Til planavdelinga».

Frist for å levere merknader til planforslaget er 31. august 2024.

 


Sist oppdatert: 04.06.2024
Publisert: 04.06.2024