HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringar1.gongs høyring og offentleg ettersyn - Hoshovdstølen bustad og strandsone - PlanID 46302019003 - Merknadsfrist 13.august 2021

1.gongs høyring og offentleg ettersyn - Hoshovdstølen bustad og strandsone - PlanID 46302019003 - Merknadsfrist 13.august 2021

Med heimel i plan og bygningslova §12-10 har Plan og kommunalteknisk i møte 21.04.21 og Heradsstyret i møte 26.05.21 vedteke føljande: 

Framlegg til detaljregulering Hoshovdstølen bustad og strandsone, planID 46302019003 med plankart dagsett 21.02.21, føresegner dagsett 07.04.21, planskildring dagsett 22.02.21, vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan-og bygningslova § 12-10.

Framlegg til plan

Planområdet er på ca. 198 daa og føremålet med planen er eit nytt bustadområde med 30-35 bueiningar, ny gangsti over Åsen, strandsti, badeområde, småbåthamn, trafikkareal og areal til teknisk infrastruktur.

Hoshovdstølen bustad og strandsoneplan legg opp til ei utvikling på Hoshovdstølen, rett sørvest for Hosanger sentrum. Det er knytt til eksisterande bustadområde på Hoshovde og hyttefeltet på Heldal. Området ligg inne som framtidig bustadfelt i kommuneplanen, og hamneområdet i planen er avklart gjennom Sjø- og strandsoneplanen til Osterøy kommune. Ei utvikling av hamneområdet vil opna opp for fellesskapsløysingar og ei meir tilgjengeleg strandsone. Ein strandsti vil saman med ein gangsti over Åsen kople saman Hoshovde og Hosanger.

Planen legg opp til eit bustadområdet som opnar for varierte bustdtyper, som einebustader, 2-mannsbustader, 4-mannsbustad og minihus.
Det er regulert leikeområde sentralt i bustadområdet og mindre, lokale leikeområde og andre uteareal i kvart einskild felt. Eksisterande kollar og vegetasjon,inkludert fleire tre, vil verte teke vare på.

Planen legg opp til ei småbåthamn med plass til 60 båtar, som vil erstatte eksisterande flytebryggjer og båtplassar i hamna. Det er planlagt ein mindre molo som m.a. heng saman med etablering av ein ny badeplass og skjerming av småbåthamna.

Planen legg opp til 3 nye fellesnaust i strandsona som kan nyttast av fastbuande på Hoshovdstølen og hyttefolk i Heldal.

Planforslaget omfattar:

  1. Saksframlegg - 1.gongs handsaming - Plansak Detaljregulering Hoshovdstølen bustad og strandsone - PlanID 46302019003
  2. Plankart Hoshovdstølen 210221
  3. FØRESEGNER Hoshovdstølen bustad og strandsoneplan 070421
  4. PLANSKILDRING Hoshovdstølen bustad og strandsoneplan 220221
  5. VA-rammeplan_m_kartvedlegg_Hoshovdstøl_bu_og_strandsoneplan_24012021
  6. ILLUSTRASJONSPLAN_1_1000_Hoshovdstølen_bustad_og_strandsoneplan_020221
  7. ILLUSTRASJONSPLAN_1_2000_Hoshovdstølen_bustad_og_strandsoneplan_020221
  8. SKREDFARE geologisk_kartleggjing_Hoshovdstølen_bustad_og_strandsoneplan_281020._pdf
  9. KULTURMINNEDOKUMENTASJON_Hoshovdstølen_bustad_og_strandsoneplan_19032020._ pdf 9. NATURMANGFALD_-kartleggjing_Hoshovdstølen_bustad_og_strandsoneplan_270520
  10. RTP_Hoshovdstølen.bustad_og_strandsoneplan_041120
  11. STØY-utgreiing_Hoshovdstølen_bustad_og_strandsoneplan_100620
  12. Trafikkanalyse_-_Hoshovdstølen_bustad_og_strandsoneplan_290520
  13. C og D-teikningar fylkesveg og internveg
  14. Gangveg TC_901
  15. Gangveg TC_902
  16. Gangveg TC_903
  17. Gangveg TC_904
  18. Gangveg TC_905
  19. RTP_sporing_A-B
  20. RTP_sporing-inn
  21. RTP_sporing-ut
  22. RTP_oppstillingsplass-A
  23. RTP_oppstillingsplass-B
  24. Teknisk notat - Vegløysing

Planforslaget er regulert til føremål under: 

1.Bygg og anlegg; bustader, bustader -frittliggjande småhus, bustader -konsentrert småhus, garasjeanlegg for bustader-/fritidsbusetnad, næringsbygningar, øvrige kommunaltekniske anlegg, småbåtanlegg i sjø og vassdrag, uthus/naust/badehus, andre særskiltoppgitte bygningar og anlegg, uteoppholdsareal, leikeplass
2.Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur; køyreveg, fortau, gangveg/gangareal/gågate, anna veggrunn-grøntareal, haldeplass/plattform, kai, parkering
3.Grønstruktur; turveg
4.LNF; LNF –areal for naudsynte tiltak for LNF, friluftsformål, bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone

 

Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn

Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.

For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til

Osterøy kommune, Postboks 1, 5293 Lonevåg.

Merk innsending av merknaden «Til planavdelinga».

Merknadsfrist: 13.august 2021


Sist oppdatert: 01.06.2021
Publisert: 01.06.2021