HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringar1.gongs handsaming av detaljregulering Holmane næring i Fotlandsvåg -merknadsfrist 30.august 2019

1.gongs handsaming av detaljregulering Holmane næring i Fotlandsvåg -merknadsfrist 30.august 2019

I medhald til plan-og bygningslova § 12-10 vert framlegg til detaljregulering Holmane næring- Fotlandsvåg – lagt ut til høyring.

Plandokumenta plankart, føresegner, planskildring, VA rammeplan, med tilhøyrande dokument vert med dette lagt ut til høyring og offentleg ettersyn.

FRAMLEGG TIL PLAN 

Planframlegget legg til rette for at eksisterande verksemder kan utvide, og at det kan etablerast nye bygg som kan gje moglegheit for andre verksemder. Planområdet omfattar gbnr 96/17 m.fl og er på om lag 75 daa næringsområde. Oppstarten av planframlegget vart kunngjort første gang i 2013 med ei kunngjering med utvida planområde inn til veg til skulen i 2014.

Planframlegget er ikkje i samsvar med kommuneplanen sin arealdel (KPA) då den legg opp til fylling i sjø for å få eit heilskapleg næringsområde der eksisterande småbåthamn er lokalisert i dag. I KPA er området for utfylling avsett til bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone.

Tiltakshavar for plan er Lonevåg beslagfabrikk AS og utførande konsulent er Asplan Viak.

Planforslaget er regulert til føremål under:

  1. Bygg og anlegg; næringsføremål og kommunaltekniske anlegg
  2. Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur; køyreveg, fortau, anna veggrunn-teknisk og anna veggrunn -grøntareal
  3. Grønstruktur; Naturområde
  4. LNFR; Spreidd fritidsbustad –naust

Planforslaget omfattar desse dokumenta:

 

  1. Sakspapir
  2. Plankart
  3. Føresegner
  4. Planskildring
  5. VA-rammeplan
  6. Illustrasjonsplan
  7. Skrefarekartlegging
  8. Innledende miljøundersøkelser
  9. Konsekvensutgreiing for naturmiljø og naturressursar
  10. Landskapsbilete
  11. Marinarkeologiske registreringar
  12. ROS-analyse
  13. Notat om mulighet for utfylling- Multiconsult
  14. Notat - Merknader og uttaler til oppstart
  15. Merknadskommentarer - planoppstart

Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn 

Plandokument og vedtak ligg tilgjengeleg på på kommunen si heimeside og til gjennomsyn i servicekontoret på Rådhuset.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.

Send merknader på e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til

Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.

Merknadsfrist: 30.august 2019


Sist oppdatert: 12.08.2022
Publisert: 14.06.2019