HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringar1. gongs høyring og offentleg ettersyn Områderegulering Lonevåg -Lonevåg-Hatland planID 46302015001 - merknadsfrist 14.07.2020

1. gongs høyring og offentleg ettersyn Områderegulering Lonevåg -Lonevåg-Hatland planID 46302015001 - merknadsfrist 14.07.2020

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) § 12-10 har formannskapet i møte 06.05.20 gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til høyring og offentleg ettersyn. Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.

Rådmannen sitt framlegg til vedtak:

  1. Framlegg til regulering av områderegulering Lonevåg- Hatland planID 46302015001 med føresegner dagsett 29.04.20, plankart dagsett 29.04.20 og planskildring dagsett 29.04.20 vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan-og bygningslova § 10-12.
  2. Osterøy kommune vedtek oppstart av prosess for oppheving av fylgjande reguleringsplanar, jf. plan- og bygningslova (PBL) § 12-14. Desse skal i si heilheit opphevast og erstattast av områdeplan Lonevåg når denne vert vedteken:
    • 1253 2011 005 Mindre reguleringsendring FV 567 Kryss til Kårvika – Lonevåg
    • 1253 2009 002 Mindre reguleringsendring – Fugledalen – Fotballbane – Lonevåg
    • 1253 2008 1300 Reguleringsendring Lonevåg sentrum, Gnr. 13, Bnr. 86 og 25 mfl.
    • 1253 2008 500 Reguleringsendring, Neset gnr. 13 bnr. 223, 170, 171 – Lonevåg
    • 1253 2008 400 Reguleringsplan Osterøy VGS - Hatland
    • 1253 2006 0800 Reguleringsplan Fotballbane Fugledalen – Lonevåg
    • 12.10.05 Dalabakken, Lonevåg – bustad
    • 26.10.05 Utbyggingsplan for Solplassen- Lonevåg Gbnr 14 bnr 69,76,134,220 og 234
    • 1253 504_70 Reguleringsplan FV Hauge- Lonevåg
    • 1253 504_69 Hoggje bustadfelt, Hatland
    • 1253 504_67 Rv 566 Hp.64 Rolland –Hauge- Hannisdalen bussløyfe i arm til Lonevåg
    • 1253 504_61 Rymledalen tomtefelt (Rymleheia), Hatland
    • 1253 504_54b K. Lerøy Metallindustri A/S – Lonevåg sentrum
    • 1253 504_54a Lonevåg sentrum
    • 1253 504_51_1 Lonevåg – Hatland endring
    • 1253 504_51 Lonevåg – Hatland
    • 1253 504_43 Ramberget, Lonevåg
    • 1253 504_29 Reg. endr. Sjukeheimstomta – Hatland
    • 1253 504_7 Fossen, Lonevåg med endringar gjort i Heradsstyret 14.10.98, 25.10.06 og endring i Natur 20.06.01. 
    • 01.06.66 Lonevåg (restareal Kårvika)
    • 06.03.56 Reguleringsplan for Lonevåg
  3. Reguleringsplan Fugledalen bustad planID 12532012001 og mindre reguleringsendring FV 567 Hauge- Lonevåg vert delvis erstatta og oppheva ved vedtak av områdeplan Lonevåg med heimel i plan- og bygningslova (PBL) § 12-14.

FRAMLEGG TIL PLAN

Det er utarbeida områderegulering for Lonevåg- Hatland. Tiltakshavar for planen er Osterøy kommune og utførande konsulent er planavdelinga i kommunen.

Planområdet er på om lag 1500 daa og dekkjer store delar av det som er Lonevåg sentrum med tilhøyrande omland. Områdeplan Lonevåg- Hatland erstattar og opphevar eldre planar innanfor planområdet ved vedtak av planen.

Det er gjennomført ei tettstadanalyse som ligg til grunn for planarbeidet. Likeins er det utgreia naturfare gjennom skredfarekartlegging frå 2017 og ei flaumfarekartlegging med konseptanalyse av blågrøne strukturar. Flaumfarekartlegginga viser at det er flaumfare og stormflofare i Lonevåg sentrum. Det har i tillegg vore gjennomført arkeologiske og marinarkeologiske registreringar.

Planen legg i hovudsak opp til å vidareføre dei reguleringsplanane som gjeld for Lonevåg med nokre endringar. Feltavgrensingane følgjer stort sett gjeldande eigedomsgrenser, sjølv om fleire tomter er i same felt, og er lagt til grunn slik at grunneigarane skal kunne løyse og utvikle sine prosjekt uavhengig av utviklinga på andre felt. Alle felta i sentrum har sentrumsføremål med fleksibelt bruk av areal til forretning, offentleg og/eller privat tenesteyting, kontor, overnatting, bevertning og bustad.

Planframlegget legg farekartleggingar for skred, flaum og stormflo til grunn for dei valde løysingane. Flaum og stormflo har særleg innverknad i sentrum og det er lagt opp til at ein kan løyse desse utfordringane anten ved å tette bygningar, ha parkeringsplassar som kan overfløymast eller at ein kan heve terrenget.

Planforslaget er i hovudsak i tråd med kommuneplanen sin arealdel. Området er i kommuneplanen sin arealdel sett av med gjennomføringssone H810_85 i Lonevåg med krav til felles planlegging. Føremålet med planen er å leggja til rette for eit meir definert sentrumsområde med forretning, kontor, næring og bustadar, for å kunne bygge opp eit tettare og levande sentrum med område for leik og rekreasjon. Planen opnar for at ny og eksisterande bygningsmasse mellom anna kan nyttast til forretning, kontor, bevertning, overnatting og bustad i sentrum. Ved å blande funksjonar i området i og rundt sentrum oppnår ein for meir fleksibilitet i planen og ein kan oppnå at aktiviteten i gater og bygg sprer seg i tid utover døgnet.

Sentrumsutvikling – open kanal og leike/parkområde

Eit hovudelement i områdeplanen er tilrettelegging av open kanal med grøntareal som sideareal (o_GAG01 og o_GAG02). Grøntstrukturen skal fungere som flaumvollar men gje ekstra kvalitetet som ferdselsåre og grøntområde. Kanalen er delt i tre etappar og kan gjennomførast etappevis eller samla. Siste del av kanalen ligg i føremål gatetun og torg nærmast Hatlandsvågen. Desse areala er sett av i planen med kombinerte grøntføremål. Dette skal bidra til å handtere overvatn, flaum og stormfloproblematikk som er i sentrum av Lonevåg. Men dette  skal også vere ei attraktiv ferdselsåre mellom dei to handlesentera som ligg i Lonevåg.

Mellom handlesentera er det regulert eit areal til leikeområde (o_BLK02). Dette arealet har føremål leik som viser til at det i hovudsak er til leik og aktivitet. Området er planlagt slik at det kan byggast i fleire byggetrinn. Det er laga ein landskapsplan for området der stegvis utbygging er vist. Parkelementet skal bidra til aktivitet og samhandling.  Hovudganglina i Lonevågsparken vil ligge langs kanalen og vil ha universell utforming inn og ut av området. Hovudopphaldssoner vil bli kopla til hovudgangslina og vil vere tilgjengeleg for alle gjennom universell utforming. Det vil bli lagt til rette for eit tverrsamband som knyt seg på Lonevågen som ligg inntil parken i nordaust. Planen legg opp til at parken kan  byggast ut i tre byggetrinn og at ein startar med byggetrinnet som inneheld grøntarealet som ligg på flaumsikker høgde nærast eksisterande sentrumsbygg. Parken kan seinare bli bygd ut med plassen med scenen/paviljongen. Kanalen vert opna i siste byggetrinn. Som mellombels flate vert det lagt beplanting til areala som seinare skal innehalde kanalen.

Frå Osterøykroa er det sett av areal til gatetun (o_SGT01 og o_SGT02) og torg (o_ST01) til hamna. Dette er kommunal eigedom i dag. Over dette føremålet er det lagt ei sone H_410_2 som er sone for infrastruktur. Her skal ein fullføre kanalen i siste trinn ned mot hamna. Det må då sikrast tilkomst over og langs kanal til BS07, BS06 og BS03.

Det er lagt til rette for utviding av eksisterande ungdomsskule og til at Osterøyhallen kan utvide i tilknytning til det arealet der dei har verksemd i dag.  Eit tilbygg som kan romme kulturscene kan byggast anten på ungdomsskulen (o_BU01) eller Osterøyhallen (o_BIS03)

To felt er sett av med krav om detaljregulering. Dette er næringsområde i Kårvika (BN06) og på Lonaneset (B02). På Lonaneset er det pågåande detaljregulering.

Småbåthamn er vidareført frå gjeldande sentrumsplan. Det er prosjektert avkøyrsel og sett av areal til landanlegg som sørvisbygg, parkering og molo. Uteliggarane kan ligge frå Lyktaneset eller frå areal langs fylkesvegen. Nokre av båtplassane skal vere til gjestehamn.

For næringsområda er føremålet i hovudsak vidareført. Unnataket er to små næringsfelt som er sett av til bustader- konsentrert ( BKS01 og BKS11). Desse felta ligg i tilknyting til bustadområde og vert difor sett av til bustad.

PlanID er bygd på kommunenummer og arealplanar får planID med kommunenummer først. Områderegulering Lonevåg vart kunngjort oppstart med planID 12532015001 basert på då gjeldande kommunenummer. Osterøy kommune har fått nytt kommunenummer og dette får verknad for den nasjonale planID som då vert endra i samsvar til 46302015001.

Planforslaget omfattar 

  1. Saksutgreiing 
  2. Plankart
  3. Føresegner
  4. Planskildring
  5. Landskapsplan – leikeareal
  6. Illustrasjonsplan
  7. Skredfarekartlegging
  8. Flaumsonekartlegging
  9. Konseptanalyse flaum
  10. Rapport kulturhistorisk registrering
  11. Resultat frå marinarkeologiske registreringar
  12. Handelsanalyse
  13. Merknadsskjema – innkomne merknader med kommentar.
  14. Vegprosjektering av fylkesveg gjennom Lonevåg sentrum C001-C003
    1. C001
    2. C002
    3. C003
  15. Vegprosjektering av fylkesveg ved småbåthamn

Plankartet saman med føresegnene er juridisk bindande for framtidig arealbruk jfr pbl § 12-4.0

Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn

Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.

For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til

Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.

Merk gjerne innsending av merknaden «Til planavdelinga» og med PlanID for den aktuelle planen.

Merknadsfrist: 14.07.2020

Etter utgått merknadsfrist vert innkomne merknadar vurdert og planfranlegget evt. justert før ein legg planframlegg fram for 2.gongs handsaming, jfr Pbl § 12-10.

For å følge saka kan du gå inn her: 14/1741 - Områderegulering Lonevåg 

 

 


Sist oppdatert: 21.08.2020
Publisert: 18.05.2020