HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringar1. gongs høyring og offentleg ettersyn, Frivilligpolitikk i Osterøy kommune 2019 - 2023 - Merknadsfrist 06.08.2019

1. gongs høyring og offentleg ettersyn, Frivilligpolitikk i Osterøy kommune 2019 - 2023 - Merknadsfrist 06.08.2019

I 2015 utlyste Hordaland fylkeskommune midlar til utvikling av frivilligpolitikk i kommunane, og Osterøy kommune søkte og fekk tilskot. Det vart i 2017 utarbeidd eit prosjektmandat som skildra bakgrunn, føremål, rammevilkår, organisering og budsjett (vedlegg 1). Rådmannen si leiargruppe har fungert som styringsgruppe for arbeidet, der rådmannen er prosjekteigar og frivilligkoordinator prosjektleiar.

Heradsstyret i Osterøy kommune gjorde 22. februar 2017 eit vedtak om å opprette politisk arbeidsgruppe som har fungert som ei styringsgruppe i utarbeidinga av frivilligpolitikken. Hausten 2017 var det arrangert medverknadsmøte med frivillig sektor, der kring 35 personar frå ulike lag og organisasjonar møtte. Dei fekk presentert bakgrunnen for utvikling av ein frivilligpolitikk og arbeida i grupper kring spørsmål knytt til vilkåra for frivillig arbeid. Funna i dette medverknadsmøtet vart samanfatta i ein rapport, og dannar grunnlaget for kartlagde behov i frivillig sektor (vedlegg 2).

Prosjektmandat vart vedteke våren 2017, og la føringane for arbeidet med frivilligpolitikken.

Prosjektmandatet for frivilligpolitikken skildrar følgjande formål for arbeidet:

  • Utvikle ein politikk som skal vere forpliktande administrativt og politisk nivå i kommunen
  • Nå målsettinga fastsett i kommuneplanen sin samfunnsdel
  • Styrke frivillig sektor
  • Styrke samarbeidet mellom kommunen og frivillig sektor
  • Styrke folkehelsa

 

Frivilligpolitikk i Osterøy kommune 2019 - 2023

  1. Sakspapir
  2. Ny versjon 21.06.2019 - Frivilligpolitikk i Osterøy kommune 2019 - 2023 - Inkludering, breidde og engasjement (hovuddokument)
  3. Prosjektmandat frivilligpolitikk (vedlegg 1)
  4. Oppsummeringsnotat frå medverknadsmøte frivilligpolitikk (vedlegg 2) 
  5. Dei ti frivilligpolitiske boda (vedlegg 3)
  6. Oversikt lag og organisasjonar i Osterøy kommune 03.05.2019 (vedlegg 4)

MERKNAD TIL FRIVILLIGPOLITIKK

Framlegg til frivilligpolitikk skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast i Bygdanytt og på kommunen si heimeside. Lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Dokument og vedtak ligg på kommunen si heimeside og til gjennomsyn i servicekontoret på Rådhuset og Osterøy bibliotek.

Merknader til frivilligpolitikken må vera framsett skriftleg innan merknadsfrist til e-post post@osteroy.kommune.no eller per brevpost til Osterøy rådhus, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.

Merknadsfrist er sett til 06.08.2019


Sist oppdatert: 21.06.2019
Publisert: 21.06.2019