HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringar1. gongs høyring og offentleg ettersyn - Detaljregulering Saltverket næringsområde - PlanID 12532018001

1. gongs høyring og offentleg ettersyn - Detaljregulering Saltverket næringsområde - PlanID 12532018001

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 har plan- og kommunalteknisk utval 27.11.2019 gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til høyring og offentleg ettersyn. SaksID 092/19.

UTVALET SI HANDSAMING:

«Framlegg til regulering av Saltverket næringsområde - Fotlandsvåg, plannummer 12532018001, med føresegner, plankart og planskildring dagsett 14.11.2019, då med slikt tillegg i pkt. 7.9 i planskildringa som vedteke i møtet, vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan og bygningslova § 12-10.»

Johannes Haugland, SP, gjorde slikt framlegg om tillegg til pkt. 7.9 i planskildring, Massehandtering: "Massehandtering: Området skal byggast ut i etappar. Det vil vera naturleg å starta med BKB1 der det er eit masseoverskot. Dette kan enten nyttast til å fylla opp og planera i BKB2, eller til gjennomføring av næringsområde i Holmane, Fotlandsvåg. Eventuelt til landbruksføremål i nærområdet.

FRAMLEGG TIL PLAN

Planframlegget gjeld utviding av næringsområdet ved Saltverket i Fotlandsvåg. Planområdet er på omlag 33 daa og omfattar delar av gbnr 95/5. Planframlegget legger opp til oppføring av seks nye næringsbygg med tilhøyrande infrastruktur. Totalt nytt næringsareal kan bli 5400 m2. I tillegg omfattar planen utbetring av kryssløysinga i fylkesvegen, ein busshaldeplass og løysingar for mjuke trafikantar. Området er i kommuneplanens arealdel satt av til næringsføremål. 

Planforslaget er regulert til føremål:

  1. Bygningar og anlegg: Industri/lager.
  2. Samferdsle og teknisk infrastruktur: Køyreveg, veg, fortau, annan veggrunn– grøntareal, leskur/plattformtak og parkeringsplassar.
  3. Grøntstruktur: Naturområde og vegetasjonsskjerm.
  4. Omsynssone: Frisiktsone, ras- og skredfar og høgspenningsanlegg.

Du kan lese heile vedtaket og saksframlegget her. 

Plandokument

  1. Plankart, datert 14.11.19
  2. Illustrasjonsplan, datert 14.11.19
  3. Planføresegner, datert 14.11.19
  4. VA - ramme plan 2 teikningar :
    1. HB 1, datert 04.06.19
    2. HB 2, datert 31.10.19.
  5. Skredfarevurdering, datert 04.06.19
  6. Veg - TD-001 - Plan- og profilteikning, datert 24.10.2019
  7. Veg - AF 001 – Normalprofil veg 20 000 og veg 60 000, datert 24.01.2019
  8. ROS- analyse, datert 31.10.2019
  9. Notat Vurdering av kulturminne og kulturmiljø, datert 31.10.2019
  10. Innkomne merknader til varsel om oppstart av planarbeid

Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn

Naboar, grunneigarar og offentlege instansar vert varsla direkte med brev. Plandokumenta ligg til gjennomsyn i Osterøy rådhus servicekontoret og Osterøy bibliotek. 

Eventuelle merknadar vert å senda Osterøy kommune v/ Plan, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg eller til post@osteroy.kommune.no (merk gjerne e-post med «merknad» og «plan»).  

Merknadsfrist: 12.februar 2020. 

Etter utgått merknadsfrist vert innkomne merknadar vurdert og planfranlegget evt. justert før ein legg planframlegg fram for 2.gongs handsaming, jfr Pbl § 12-10.


Sist oppdatert: 19.12.2019
Publisert: 19.12.2019