1. gong høyring og offentleg ettersyn: Detaljregulering – Øvre klubbelia - PlanID 4630-2021003
Forslag til reguleringsplan for Øvre klubbelia PlanID 4630_2021003 med plankart datert 04.09.23, føresegner datert 05.09.23, planskildring datert 04.09.23 - med tilhøyrande dokument vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10. Før planen vert lagt ut til høyring må følgjande rettast: Det må lagast ei føresegn som krev at det vert gjort nødvendige tiltak m.o.t. overflatevatn etter at feltet er bygd ut. Utvalet er oppteken av at massehandteringa i planen er fullt ut i samsvar med krava til massehandtering i kommunen sin samfunnsplan, side 24.”
Hovudformålet Planforslaget legg til rette for å utvikle delar av eigedom 5/1 – ca. 17,8 dekar for vidare bustadbygging i forlenging av eksisterande bustadområde, Klubbelia.
Planforslaget
Planen omfattar eit areal på ca. 17,8 daa på Hauge i Osterøy kommune. Planforslaget er i samsvar med arealdelen til kommuneplanen, og opnar for frådeling av 9 bustadtomter og bygging av bustader. Området ligg i direkte tilknyting til Klubbelia bustadområde, og tiltakshavar ønskjer å forlenge bustadfeltet ved å legge til rette for frittliggjande bustader i form av eine- og tomannsbustader.
Lokalisering
Plankart
Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn
Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast på kommunen si heimeside. Plandokumenta og sakspapir finn du fysisk i resepsjonen på kommunehuset, og du kan sjå dei på nett i kommunen sitt planregister her: https://www.arealplaner.no/osteroy4630/arealplaner/68
Grunneigarar, naboar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er varsla pr. brev.
For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til: Osterøy kommune, Postboks 1, 5293 Lonevåg.
Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.
Merk innsending av merknaden «Til planavdelinga».
Frist for å levere merknader til planforslaget er 25. februar 2024