1. gong høyring og offentleg ettersyn – Detaljregulering - Helldal småbåthamn og strandsone - PlanID 46302022001
Framlegg til detaljregulering Helldal småbåthamn og strandsone - gbnr 86/5 m.fl - Hosanger - PlanID 4630_2022001 med plankart dat. 16.02.23, føresegner dat. 21.03.23, planskildring dat. 17.03.23, vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan-og bygningslova § 12-10.
Hovudformålet med planen er å leggja til rette for småbåthamn og fellesnaust for oppbevaring av utstyr for fritidsaktivitetar i tilknyting til Helldal hyttefelt og Hoshovdstølen bustadområde. Planen legg også til rette for badeplass. Planen opnar også for større tilgang for ålmenta til strandsona.
Planforslaget
Planen gjeld eit areal på ca. 77,3 daa nordvest for Hosanger sentrum, og omfattar både land- og sjøareal. Planforslaget er i samsvar med kommunen sin strandsoneplan. Planframlegget opnar for småbåtanlegg, bryggjeanlegg, molo og badestrand i Hamna. Småbåtanlegget vil ha plass til opp til 60 båtar. Reguleringsplanen legg til rette for å bygge sanitæranlegg, 3 fellesnaust for oppbevaring av reiskap knytt til sjøbruk (kajakk, segling, fiske osb.), samt ein parkeringsplass for båteigarar, besøkjande og dei som har naust i området. Det er uttrykt eit klart mål om å gje ålmenn tilgjenge til strandsona - med m.a. universelt utforma gangsti frå parkeringsplassen til strandsona.
Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn
Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast på kommunen si heimeside. Plandokumenta og sakspapir finn du fysisk i resepsjonen på kommunehuset, og du kan sjå dei på nett i kommunen sitt planregister her: https://www.arealplaner.no/osteroy4630/arealplaner/106
Grunneigarar, naboar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er varsla pr. brev.
For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til: Osterøy kommune, Postboks 1, 5293 Lonevåg.
Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.
Merk innsending av merknaden «Til planavdelinga».
Frist for å levere merknader til planforslaget er 11. september 2023