HjemPlan, bygg og eigedomStatus på saka di

Status på saka di

Når vi har motatt saka, får du ei stadfesting i digital postkasse eventuelt i posten av oss.

Behandlingstid

Som hovudregel er behandlingsfristen vår 3 veker for enkle byggjetiltak, og 12 veker for meir omfattande saker.

§ 21-7.Tidsfrister med særskilte virkninger

Sjå Tidsfrister for kommunens og klageinstansens saksbehandling i Plan og bygningslova og Forskrift om byggesak:

Status på saka di

Slik går du fram:

  • Trykk her for å gå til innsynsløysinga vår
  • Skriv inn saksnummer eller gards- og bruksnummeret ditt under «Tittel»
  • Trykk på søk for å få opp saka di
  • Vel saka di ved å trykke på den aktuelle tittelen i søkeresultatet
  • Her finn du saka med alle dokument og vedlegg
  • Dersom feltet for sakhandsamar er tomt, har ikkje saka di fått ein sakshandsamar enno

Finn du ikkje saka di?

  • Det går om lag tre dagar frå kommunen mottar dokument til dei blir tilgjengelege i innsynsløysinga vår
  • Du får ikkje tilgang til dokument som er unntatt offentlegheit i den opne innsynsløysinga vår. Er du part i saka, kan du likevel be om å få tilsendt dokumenta.
  • Ta kontakt med post@osteroy.kommune.no, vis til saka og be om å få innsyn i dokumenta.

Ta kontakt via telefon

Om du ikkje vil ta kontakt elektronisk kan du ringa innbyggjarservice.

  • Ha gards- og bruksnummer, adresse, evt saksnummer tilgjengeleg. 
  • Ring 56 19 21 00 - Telefontid måndag - fredag klokka 09-15.

Sist oppdatert: 18.01.2023
Publisert: 18.01.2023