Tilbygg, påbygg, kjellar og underbygg

Har du planar om å byggje tilbygg etter 1 mai 2021?
Les meir her

Med påbygg, tilbygg og kjeller/underbygg meiner vi utviding av ein bygning, anten oppover, bortover eller nedover.

Påbygg er ein ny bygningsdel på eksisterande konstruksjon. Døme på påbygg er takark, takopplett, takterrasse, karnapp, ein ekstra etasje med meir.

Tilbygg er ei utviding av grunnflata til eksisterande bygg.

Kva du kan byggje, kjem an på kva reglar som gjeld for eigedomen din.

Lurar du på kva plan som gjeld for eigedomen din, kan du: 

Du treng ikkje å søke dersom
  • tilbygget er på inntil 15 kvadratmeter bebygd areal (BYA) eller bruksareal (BRA) 
  • tilbygget må vere understøtta og kan ikkje vere høgare enn to etasjar
  • tilbygget er minimum 4 meter frå nabogrensa
  • bygningen har stor nok avstand til offentleg veg. Trykk her for å lese meir om byggjegrense til offentlig veg.
Du kan søke på eiga hand dersom
  • tilbygget har bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) på mindre enn 50 kvadratmeter (tilbygget kan i tillegg ha kjellar dersom kjellartaket er mindre enn 1,5 meter over terrenget rundt bygningen)
Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom
  • du skal byggje eller rive eit påbygg
  • tilbygget er større enn 50 kvadratmeter
  • du skal byggje under ein eksisterande bygning

Trykk her for å lese meir om å søkje med hjelp frå fagfolk.

Slik søkjer du

  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Skal du søke sjølv? Bruk blankett 5153
  3. Skal fagfolk søke for deg? Bruk blankett 5174 og 5175
  4. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  5. Når du er ferdig med arbeidet må du søkje om ferdigattest.
  6. Skjemaet sender du på e-post til post@osteroy.kommune.no eller med posten til Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.
Søknaden må innehalde
  • Opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet. Bruk blankett 5155 og 5156 på sidene til Dibk.
  • Merknader frå nabo(ar) og eventuelt dine kommentarar til merknaden.
  • Situasjonsplan som viser det du skal byggje må:
    • vere målsett
    • vise kva du skal bygge
    • vise avstand til nabogrense
    • vise avstand til vegmidte for offentleg veg (der det gjer seg gjeldande)
    • vise forholdet til byggegrense der det går fram av reguleringsplan (der det gjer seg gjeldande)
    • vise avstand til sjø/byggegrense mot sjø (der det gjer seg gjeldande)
  • Teikningar i målestokk som viser kva du skal byggje. Det må gå klart fram av teikningane kva det er du skal byggje:
    • Fasadeteikningar der du viser terrenglinjer for nytt og eksisterande terreng
    • Planteikningar (innvendig i bygningen av alle plan)
    • Snitt med gesims- og mønehøgde
  • Grunngjeven søknad om dispensasjon om tiltaket krev det
  • Uttale/vedtak frå andre mynde.
  • Vurder det du skal byggje opp mot gjeldande plankart og føresegner som gjeld for eigedomen din.

Når fagfolk skal søke, må søknaden i tillegg innehalde:

  • Gjennomføringsplan. Bruk blankett 5185.
  • Erklæring om ansvar. Bruk blankett 5181.

Kontakt oss

Har du spørsmål, eller treng rettleiing, ta kontakt med byggjesaksavdelinga

Les meir

Trykk på lenkene for å lese aktuelle informasjonsbrosjyrer på Dibk sine sider:

Kva seier lova?


Sist oppdatert: 06.05.2021
Publisert: 16.11.2018