Terrasse, platting, veranda eller balkong

Har du planar om å bygge terrasse etter 1. mai  2021?

Les meir her 

Terrasse/platting er ein konstruksjon for uteareal over bakkenivå, ofte med trapp til terrenget.

Veranda er ein open bygningsdel, understøtta og eventuelt med tak over. Verandaen kan også vere lukka, til dømes som ein glassveranda.

Balkong er ein open bygningsdel, som stikk ut frå fasaden og er plassert framfor ei dør med vindauga. Balkongen har rekkverk og er ikkje understøtta.

Kva du kan byggje, kjem an på kva reglar som gjeld for eigedomen din.

Lurar du på kva plan som gjeld for eigedomen din, kan du: 

Du treng ikkje søkje dersom
  • Terrasse som heng saman med bygning: Terrassen kan ha ei høgde på inntil 1,0 meter frå eksisterande terreng, og kan ikkje stikke lengre ut enn 4,0 meter frå ytterveggen til bygningen, også kalla fasadelivet. Terrassen kan ha eit rekkverk på inntil 1,2 meter høgd. Terrassen kan ikkje være overbygd. Avstanden  til nabogrensa skal være minst 1,0 meter, men ofte må du ha større avstand grunna byggjegrenser eller andre avgrensingar.
  • Plattingar på bakken: Skal du byggje platting som ikkje er høgare enn 0,5 meter over bakken? Då kan du byggje utan å søkje, så lenge planane til kommunen ikkje set andre grenser. Du kan plassere plattingen heilt inntil nabogrensa. Slike plattingar skal heller ikkje reknast med i det arealet du har lov å byggje på eigedomen din. 
  • Verandaen er inntil 15 kvadratmeter, uten rom for varig opphald og er minst 4 meter frå nabogrensa.
  • Tiltaket ikkje blir plassert i strid med regulert byggegrense, eller byggegrense mot offentleg veg. Les meir om byggjegrense til offentleg veg her.
Du kan søkje på eiga hand dersom
  • Terrassen/plattingen er under 50 kvadratmeter
  • Verandaen er mellom 15-50 kvadratmeter og du skal føre han opp ved ein einebustad, tomannsbustad eller eit mindre rekkehus.
Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom
  • Terrassen/plattingen er over 50 kvadratmeter.
  • Du skal byggje eller rive ein takterrasse.
  • Du skal byggje eller rive ein balkong.

Trykk her for å lese meir om å søkje med hjelp frå fagfolk.

Slik søkjer du

  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Skal du søke sjølv? Bruk blankett 5153
  3. Skal fagfolk søke for deg? Bruk blankett 5174 og 5175
  4. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  5. Skjemaet sender du på e-post til post@osteroy.kommune.no eller med posten til Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.
Søknaden må innehalde
  • Opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet. Bruk blankett 5155 og 5156 på sidene til Dibk.
  • Merknader frå nabo(ar) og eventuelt dine kommentarar til merknaden.
  • Situasjonsplan som viser det du skal byggje må:
    • vere målsett
    • vise kva du skal bygge
    • vise avstand til nabogrense
    • vise avstand til vegmidte for offentleg veg (der det gjer seg gjeldande)
    • vise forholdet til byggegrense der det går fram av reguleringsplan (der det gjer seg gjeldande)
    • vise avstand til sjø/byggegrense mot sjø (der det gjer seg gjeldande)
  • Teikningar i målestokk som viser kva du skal byggje. Det må gå klart fram av teikningane kva det er du skal byggje:
    • Vera målsett
    • Fasadeteikningar der du viser terrenglinjer for nytt og eksisterande terreng
    • Planteikningar (innvendig i bygningen av alle plan)
    • Snitt med gesims- og mønehøgde
  • Grunngjeven søknad om dispensasjon om tiltaket krev det
  • Uttale/vedtak frå andre mynde.
  • Vurder det du skal bygge opp mot gjeldande plankart og føresegner som gjeld for eigedomen din. 

Når fagfolk skal søke, må søknaden i tillegg innehalde:

  • Gjennomføringsplan. Bruk blankett 5185.
  • Erklæring om ansvar. Bruk blankett 5181.

Kontakt oss

Har du spørsmål, eller treng rettleiing, ta kontakt med byggjesaksavdelinga

Les meir

Trykk på lenken for å lese aktuelle informasjonsbrosjyrer på Dibk sine sider:

Kva seier lova?


Sist oppdatert: 28.03.2023
Publisert: 16.11.2018