Eldstad eller skorstein

Du treng ikkje søkje dersom
  • du skal installere, endre, rive eller reparere ein eldstad innanfor ein og samme brukseining eller branncelle
  • rive og byggje opp att delen av skorsteinen som er over tak

Det er ingen formelle krav til den som skal setje opp ein eldstad. Vi anbefaler likevel at du bruker kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.

Sjølv om du ikkje må søkje, må du melde ifrå til kommunen om det du har gjort.

Slik sender du melding til kommunen:

  1. Trykk her for å opne til meldeskjema.
  2. Du må både fylle ut informasjon om bustaden din og den som monterer omnen for deg.
Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom
  • du skal byggje, rive, endre eller rehabilitere skorstein
  • dette vil seie at rehabilitering, til dømes nytt røyr eller bruk av glidestøyp i eksisterande skorsteinslaup, er søknadspliktig

Trykk her for å lese meir om å søkje med hjelp frå fagfolk.

Slik søkjer du

  1. Fagfolka som søkjer for deg må bruke blankett 5174.
  2. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  3. Skjemaet sender du på e-post til post@osteroy.kommune.no  eller med post til Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.
Søknaden må innehalde
  • signert blankett 5174. 
  • erklæring om ansvarsrett for fagfolk, både ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande
  • monteringsrettleiing eller brannteknisk godkjenning av løysinga du skal nytte
  • opplysningar om tal røykløp
  • opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet – trykk her for å lese meir om nabovarsling
  • situasjonsplan der bygningen er markert, takplan eller planteikning som viser kor i bygget skorsteinen er, og der det eventuelt er fleire skorsteinar i bygningen
  • fasadeteikningar av bygningen, takplan og snitt der det skal førast opp ny skorstein

Kontakt oss

Har du spørsmål, eller treng rettleiing, ta kontakt med byggjesaksavdelinga

Kva seier lova?


Sist oppdatert: 20.11.2020
Publisert: 16.11.2018