Driftsbygningar i landbruket

Ein driftsbygning er ein bygning som er nødvendig for drifta på ein landbrukseigedom. Dette gjeld mellom anna driftsbygningar for jordbruk, husdyrbruk, seterdrift, hagebruk, gartneri, skogsdrift, pelsdyravl, reindrift og yrkesfiske.

Dette kan søke om på eiga hand
  • oppføring, vesentleg endring, vesentleg reparasjon eller riving av driftsbygning inntil 1000 kvadratmeter bruksareal (BRA)
  • tilbygg til driftsbygning der arealet på eksisterande driftsbygning inkludert tilbygg ikkje er meir enn 1 000 kvadratmeter bruksareal (BRA)
Dette må du få hjelp frå fagfolk til å søkje om
  • driftsbygningar på meir enn 1 000 kvadratmeter bruksareal
  • tilbygg til driftsbygning der samla bruksareal inkludert tilbygg vert meir enn 1 000 kvadratmeter.

Trykk her for å lese meir om å søkje med hjelp frå fagfolk.

Slik søkjer du

  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Skal du søke sjølv? Bruk blankett 5153. Hugs at du må nabovarsle søknaden. Trykk her for å lese meir om nabovarsling.
  3. Skal fagfolk søke for deg? Bruk blankett 5174 og 5175
  4. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  5. Skjemaet sender du på e-post til post@osteroy.kommune.no eller med posten til Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.
For driftsbygningar skal fylgjande bygningsdelar vera innteikna

Kjellarplan:

  • drenering og drens-/inspeksjonskum (separat røyr frå silo/pressaftanlegg og gjødsellager)
  • pressafthandtering
  • godkjend syrevern av silo- og pressaftanlegg
  • sikra/låsbare luker til gjødsel- og pressaftlager
  • godkjend stige/leider i samband med pumpeluker
  • ved tett samband mellom fjøs og gjødselkjellar skal det vere lufteventilar i kjellarveggane

Fjøsplan:

  • rømingsvegar for dyr og menneske

Låveplan:

  • sikringstiltak som luker og rekkverk. Luker i etasjeskilje skal vanlegvis vere isolerte og ha ein viss brannmotstand
  • tippekant (h = 30 cm) og sikra luker på silo
  • godkjend køyresterkt rekkverk på låvebru
  • vindavstiving av overbygg
  • rustverna stålkonstruksjonar (slyngrensa/sandblåst og målt

Søknaden må innehalde

  • Opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet. Bruk blankett 5155 og 5156 på sidene til Dibk.
  • Merknader frå nabo(ar) og eventuelt dine kommentarar til merknaden.
  • Opplysningar om føremålet med (bruken av) bygningen.
  • Situasjonsplan som viser det du skal byggje må:
    • vere målsett
    • vise kva du skal bygge
    • vise avstand til nabogrense
    • vise avstand til vegmidte for offentleg veg (der det gjer seg gjeldande)
    • vise forholdet til byggegrense der det går fram av reguleringsplan (der det gjer seg gjeldande)
    • vise avstand til sjø/byggegrense mot sjø (der det gjer seg gjeldande
  • Teikningar i målestokk som viser kva du skal byggje. Det må gå klart fram av teikningane kva det er du skal byggje:
    • fasadeteikningar
    • planteikningar (innvendig i bygningen av alle plan)
    • snitt
  • Grunngitt søknad om dispensasjon, dersom tiltaket krev det.
  • Uttale/vedtak frå andre mynde.

Når fagfolk skal søke, må søknaden i tillegg innehalde:

  • Gjennomføringsplan. Bruk blankett 5185.
  • Erklæring om ansvar. Bruk blankett 5181.

Kontakt oss

Har du spørsmål, eller treng rettleiing, ta kontakt med byggjesaksavdelinga

Les meir

Trykk her for å lese departementet sin rettleiar for plan- og bygningslova og landbruksretta næringsverksemd.

Kva seier lova?


Sist oppdatert: 24.01.2019
Publisert: 16.11.2018