Slik søkjer du
- Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
- Skal du søkje om bruksendring sjølv? Bruk blankett 5153.
- Skal fagfolk søkje for deg? Bruk blankett 5174 og 5175.
- Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
- Skjemaet sender du på e-post til post@osteroy.kommune.no eller med posten til Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.
Søknaden må innehalde
- ei skildring av det du vil endre
- Opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet. Bruk blankett 5155 og 5156 på sidene til Dibk.
- Merknader frå nabo(ar) og eventuelt dine kommentarar til merknaden.
- Situasjonsplan som viser det du skal byggje må:
- vere målsett
- vise kva du skal bygge
- vise avstand til nabogrense
- vise avstand til vegmidte for offentleg veg (der det gjer seg gjeldande)
- vise forholdet til byggegrense der det går fram av reguleringsplan (der det gjer seg gjeldande)
- vise avstand til sjø/byggegrense mot sjø (der det gjer seg gjeldande)
- Teikningar i målestokk som viser kva du skal byggje. Det må gå klart fram av teikningane kva det er du skal byggje:
- fasadeteikningar – må vise før- og ettersituasjonen
- planteikningar (innvendig i bygningen av alle plan) – må vise før- og ettersituasjonen
- snitt
- Grunngitt søknad om dispensasjon, dersom tiltaket krev det.
- Uttale/vedtak frå andre mynde.
- Eventuell søknad om unntak frå byggteknisk forskrift, jamfør plan- og bygningslova § 31-2 4. ledd. Søkjar har ansvar for å sjå til at vilkåra er oppfylt. Du må greie for kva delar av byggteknisk forskrift som du søkjer unntak frå.
- Informasjon om tilkomst, vassforsyning og avløp
- Endra bruk kan løyse ut nye krav når det gjeld desse forholda
Når fagfolk skal søke, må søknaden i tillegg innehalde:
- Gjennomføringsplan. Bruk blankett 5185.
- Erklæring om ansvar. Bruk blankett 5181.