Du treng ikkje å søkje dersom
- du skal installere, rive, endre eller reparere våtrom, kjøkken og enkle installasjonar i eksisterande byggverk innanfor same brukseining eller branncelle.
Hugs at rommet må være godkjent for varig opphald. Dersom det ikkje er godkjent for varig opphald, må du søke om bruksendring.
Trykk her for å lese meir om bruksendring.
Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom
- brannskillet blir brote eller når du gjer endringar i bærande vegg eller konstruksjon (brannskillet blir som regel brote når du skiftar sluk eller soilrør).
- du skal opprette nye bueiningar med bad eller kjøkken.
Trykk her for å lese meir om å søkje med hjelp.
Slik søkjer du
- Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine søknadsskjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
- Til bad og kjøkken, brukar du søknadsblankett 5174 og 5175.
- Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre.
- Skjemaet sender du på e-post til post@osteroy.kommune.no eller med posten til Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.
Kontakt oss
Har du spørsmål, eller treng rettleiing, ta kontakt med byggjesaksavdelinga