Førehandskonferanse

I samband med større og komplekse byggjesaker kan det vere nødvendig å bestille ein førehandskonferanse. Det kan for eksempel vere ein god idé å ha ein førehandskonferanse i større utbyggings- og fortettingsprosjekt, som ved utbygging av fleire bustader i eit eksisterande bustadområde.

Slik ber du om ein førehandskonferanse

Trykk her for å gå til skjemaet vårt for førespurnad om førehandskonferanse. 

Vi ber deg om å sende inn informasjon om:

  • kva du skal byggje: kart, teikningar og skisser
  • kor stort du skal byggje: høgd, breidd, areal
  • kva du skal bruke byggverket til
  • om byggverket treng dispensasjon frå gjeldande regelverk og planar – i så fall kva forhold som treng dispensasjon
  • informasjon om korleis du tenkjer å løyse veg, vatn, kloakk
  • spørsmåla du ønskjer svar på i møtet

På førehandskonferansen

Ansvarleg søkjar bør vere med på møtet.

Vi gjer merksam på at vi ikkje går gjennom sjølve søknaden din i førehandskonferansen. Vi kan heller ikkje svare på søknaden der og då. Dette er vurderingar som ligg til sjølve sakshandsaminga som kjem i etterkant av møtet.

Det blir vanlegvis sett av ein time til ein slik førehandskonferanse.

Kva kostar det?

Sjå oversikt over prisar.  Sjå punkt 10.1.1 i gebyrregulativet. 

Kontakt oss

Har du spørsmål, eller treng rettleiing, ta kontakt med byggjesaksavdelinga

 


Sist oppdatert: 11.03.2024
Publisert: 08.11.2018