Samanslåing av eigedomar

Eig du to eller fleire eigedomar i same kommune, kan du kreve å få dei slått saman til éin eigedom med eitt gards- og bruksnummer, jf. matrikkellovas § 18. Som hovudregel vert det kravd at eigedomane grensar til kvarandre.

Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom det vil føre til prioritetskollisjon mellom panthavarar. Ved samanslåing vert panterett utvida til heile den samanslåtte eigedomen eller festeretten.

Slik søkjer du

Fyll ut skjema Krav om samanslåing av tinglyste matrikkeleiningar. 

Send skjema på e-post til post@osteroy.kommune.no, eller pr post til 

Osterøy kommune
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Kva kostar det?

Samanslåing av eigedommar er gebyrfritt.

Kva skjer vidare?

Kommunen kontrollerer at vilkåra for samanslåing er til stades, og kravet vert sendt vidare til tinglysing. Finn tinglysingsetaten at vilkåra er oppfylt, merkast samanslåinga i grunnboka, og kommunen vert varsla. 
På same måte kan fleire festerettar slåast saman dersom dei ligg på same grunneigedom. For samanslåing av eigarseksjonar, sjå seksjonering/reseksjonering.

Kontakt oss

Har du spørsmål, ta kontakt med oppmålingsavdelinga


Sist oppdatert: 24.01.2019
Publisert: 20.11.2018