Fastlegging av grenser og kartretting

Viss grensene til eigedomen din ikkje er oppmålte med koordinatfesta grensepunkt, kan du be kommunen om hjelp. For å kunne finne dei rette grensene, må ein tolke skyldskifte og naboane må vere samde i kor dei går. Før delingslova kom i 1980, var det ikkje oppmålingsplikt utanfor byane og eigedomene vart ikkje koordinatfesta. I staden for blei det laga skyldskiftedokument. Av den grunn er det mange eigedomar i Noreg som ikkje ligg i kartet med korrekte grenser.

Du har to alternativer:

  1. Du kan rekvirere oppmålingsforretning. Sjå punkt ovanfor. Pris følgjer av kommunen sitt gebyrregulativ. Grensane vert klarlagde i tråd med skyldskiftet og vert koordinatfesta.
  2. Du kan be om kartretting. Sjå informasjon under "Feil i kart".
Feil i kart

Viss du oppdagar feil i kartet skal dette enten meldast til kartverket eller til kommunen. For riktig kartgrunnlag kan ein sjå på kommunen sitt kart: www.nordhordlandskart.no/1253 eller kartverket sitt kart www.norgeskart.no   

For feil med vegar, adresser, stadnamn eller andre kartdata så brukar man kartverket sin teneste: https://www.rettikartet.no/  

For feil med eigedomsgrenser eller andre feil i matrikkelen skal det sendast eit krav om retting til kommunen på e-post: post@osteroy.kommune.no eller post til: Osterøy kommune, postboks 1, 5293 Lonevåg.     

For at kravet blir behandla i kommunen må det innehalde:  

Det er og krav om at alle partar med felles grense må vera einige i grenseforløpet som vert kravd retta. Dersom nokon partar er ueinige i grenseforløpet, er dette noko verken kommunen eller kartverket kan avgjere. Slike saker må takast inn for forliksrådet, dei ordinære domstolane eller jordskifteretten. 

Bakgrunn 

Eigedomsgrenser i matrikkelen har ulik kvalitet. Nokre eigedomar har grenser med god kvalitet og er nøyaktig. Andre kan vera registrert med usikker og dårleg kvalitet. Det eksisterer også eigedomar som ikkje er registrert med grenser i matrikkelen. Bakgrunnen til at det er ulik kvalitet på grenser, har med tidspunktet dei vart oppretta.

Eldre eigedomar etablert før 1980 vart frådelt etter skylddelingslova. Grenser på eigedomar frå denne perioden er beskrive med tekst i eit skyldskiftedokument. Det er laga merker på grensene i marka, men dei er ikkje målt inn og koordinatfesta. Grensene for slike eigedomar er lagt inn i kartet manuelt og med usikker kvalitet.

I 1980 kom delingslova og det vart krav om kartforretning når nye eigedomar skulle opprettast. Samstundes vart det krav om oppmåling og koordinatfesting av alle nye grenser. God kvalitet på grenser.

Delingslova vart avløyst av matrikkellova i 2010, og er den lova som gjeld ved oppretting av nye eigedomar i dag. God kvalitet på grenser.