Kva gjeld for eigedomen

Matrikkelen

Matrikkelen er Norge sitt offisielle eigedomsregister, med informasjon om eigedomsgrenser, areal, bygningar, bustader og adresser. Matrikkelen inneheld opplysningar om eigedommen sine fysiske eigenskapar.

For å sjå kva som er registrert på eigedommen din, kan du gå inn på www.norgeskart.no for å få eit utdrag, eller bestille matrikkelbrev frå kommunen som gir ein fullstendig oversikt.

Les meir om matrikkelen og kva opplysningane kan brukast til her. 

Ulike nett-tenester

Du kan gjere oppslag på din eller andre sin eigedom via ulike nett-tenester:

Finn brukseiningsnummer 

Dersom det er knytt fleire brukseiningar til ei veg- eller matrikkeladresse, t.d. ei bustadblokk, vil den offisielle adressa også bestå av eit brukseiningsnummer. 

Les meir om korleis du finn brukseiningsnummer her.

Reguleringsplanar 

Ein reguleringsplan gjev detaljerte rammer for kva eit areal kan brukast til, og er grunnlaget for å ta stilling til byggjesøknader og andre søknadspliktige tiltak i eit område. Les meir om reguleringsplanar her og korleis du kan finne ut kva som gjeld for eigedommen din.   

Kontakt oss

Har du spørsmål, eller har problem med å finne kart, send e-post til 

post@osteroy.kommune.no


Sist oppdatert: 02.02.2023
Publisert: 20.11.2018