Deling av eigedom/tomt

Ved deling av ein eigedom, blir eit areal av ein eksisterande eigedom frådelt. Det vert oppretta ein eigen eigedom (ny matrikkeleining) som får tildelt eige matrikkelnummer; dvs. gardsnummer og bruksnummer. Den nye eigedommen blir registrert i grunnboka og i matrikkelen.

Ved arealoverføring mellom eigedommar, vert ein del av eit areal frådelt eksisterande eigedom og tillagt ein anna eigedom. 

Avgjersle omkring deling av eigedom finn ein i Plan- og bygningslova og matrikkellova.

Slik søkjer du

  1. Det er to forskjellige skjema:
    1. Søknad om frådeling etter plan- og bygningslova.
    2. Rekvisisjon av oppmålingsforretning - Sakar som krev byggjesaksbehandling
  2. Teikn inn forslaget til ny eigedomsgrense på eit kart. Du kan og ta kontakt med kommunen for å få eit situasjonskart. Du finn eigedomskart på www.nordhordlandskart.no og reguleringsplan(ar) for eigedom. På kartet skal det gå fram korleis du ynskjer å dele. Kartet skal du leggje ved søknaden. Anslå storleiken på arealet som er ønska oppmålt. 
  3. Du må sjekke grunnboka for eigedomen(e) for hefte. Viss det er tinglyst hefte på eigedomen(e), må desse slettast eller det må gjevast pantefråfall før du kan søkje om frådeling. Du kan få hjelp frå Kartverket eller kjøpe informasjonen på www.seeiendom.no
  4. Før søknaden vert sendt inn til kommunen, må naboar varslast. Les meir om nabovarsling her. Er du usikker på kven som er naboane dine? Naboliste over aktuelle naboer kan du bestille hos kommunen eller Ambita Infoland. Kvittering for nabovarsel legg du ved søknaden. 
  5. Send inn søknad på e-post til post@osteroy.kommune.no eller pr post til Osterøy kommune, Postboks 1 , 5293 Lonevåg. 

Kva kostar det?

Sjå oversikt over prisar her.

Kva skjer vidare?

Når søknaden er registrert i kommunen, føretek vi ein enkel gjennomgang av saka. Er det manglar i saka, orienterer vi om dette. Treng søknaden handsaming/uttale frå andre offentlege instansar, tek kommunen ansvar for innhenting av desse. Blir det søkt om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden også handsamast av landbruksetaten med heimel i Jordloven § 12.
 
Vedtaket fattast med heimel i plan og bygningslova. Vedtaket stilast til søkjaren med kopi til eventuelle partar som har hatt innspel til søknaden.
 
Når delingsløyve er give, rekvisisjon om oppmålingsforretning er motteke og eventuelle vilkår for delinga er oppfylt, vert eigedomen målt opp.

Kontakt oss

Har du spørsmål, ta kontakt med oppmålingsavdelinga


Sist oppdatert: 02.06.2021
Publisert: 20.11.2018