HeimPlan, bygg og eigedomSal av kommunal eigedom

Sal av kommunal eigedom

Tysse skule

Vi har ikkje bruk for skulebygget og har prøvd å selje dette tidlegare utan hell. Vi eig ikkje grunnen den nedlagte skulen ligg på. Dersom nokon har interesse av å ta ned bygget og nytte materiale til andre føremål, ta kontakt med Hege Eeg. Du sjølv ansvarleg for at bygget vert tatt ned forskriftsmessig. Vi gjer merksam på at det er elektriske installasjonar i bygget. Det er mogleg å låne nøkkel for synfaring.

Bygget ligg på adresse: Knuthaugsvegen 22, 5284 Tyssebotnen. 

Kontaktinfo:

Bilde av Tysse skule. Kvitt bygg med gult rund vinduskarmane, raud takstein ein grå dag.

Bruvik skule

Bruvik skule er nedlagd og heradstyret har vedteke sal av skulen. Adressa er Olsnesvegen 39.

Eigedomen seljast som den er. Det må søkjast om bruksendring om ein ønskjer å bruke bygget til anna enn skule. Kommunen har tidlegare godkjent bustadar i nedlagte skulebygg. 

Sjå vedlagde prospekt og takst for fleire opplysningar.

Bod på eigedomen: Fornuftige bod vil verte vurdert og må godkjennast politisk.

Visning/synfaring: Etter avtale

Kontakt:

Prospekt Bruvik skule

Takst Bruvik skule

 


Sist oppdatert: 14.02.2023
Publisert: 03.10.2022