Revisjon av kommuneplanen sin arealdel

Oppstart av revisjon av kommuneplanen sin arealdel

Kva er kommuneplanen sin arealdel?

Kommuneplanen sin arealdel er ein overordna og langsiktig arealplan som skal utgjer eit styringsdokument for arealpolitikken i Osterøy.  Arealplanen skal syne hovudtrekka i korleis areala i kommunen skal nyttast og vernast, og kva viktige omsyn som må takast vare på ved disponeringa av areala. Planen skal gi grunnlag for langsiktig og positiv samfunnsutvikling i kommunen både med omsyn til næringsutvikling, busetnad og naturmangfald. Gjeldande arealplan skal no rullerast for å fange opp nye overordna føringar og retningsliner, nye kommunale utfordringar og nye mål, og få nye arealinnspel frå innbyggarar og næringsliv i kommunen.

Planen skal vere eit kunnskapsbasert forvaltningsverktøy for kommunen. Gjennom planarbeidet skal det utviklast langsiktige rammer for berekraftig arealbruk, forvaltning og verdiskaping i Osterøy kommune. Planen og prosessen skal avklare ulike interesser og vere konfliktførebyggjande. 

Kommuneplanens arealdel skal syne korleis arealstrategien og andre føringar i samfunnsdelen blir omsett i konkret arealbruk. Planen skal óg syne kva omsyn som må takast ved disponering av areala. 

Arealdelen består av kart, føresegner, retningslinjer og planskildring. Kart og føresegner er juridisk bindande. 

Arealplanen skal utgjere eit godt grunnlag for iverksetting av dei berekraftsmåla som ligg nedfelt i kommuneplanen sin samfunnsdel. Val av tema i arealplanen reflekterer såleis mål og andre føringar gitt i samfunnsdelen. Arealstrategien er ein viktig premissleverandør for kva tema arealdelen skal ha fokus på. 

Kordan kommuneplanens arealdel formar Osterøy

All arealbruk skal vere avklart i overordna plan og gjennom planarbeidet skal det utviklast langsiktige rammer for berekraftig arealbruk, forvaltning og verdiskaping i Osterøy kommune. Planen og prosessen skal avklare ulike interesser og vere konfliktførebyggjande.

Kommuneplanens arealdel skal syne korleis arealstrategien og andre føringar i samfunnsdelen blir omsett i konkret arealbruk.

Arealplanen skal utgjere eit godt grunnlag for iverksetting av dei berekraftsmåla som ligg nedfelt i kommuneplanen sin samfunnsdel. Val av tema i arealplanen reflekterer såleis mål og andre føringar gitt i samfunnsdelen. Arealstrategien er ein viktig premissleverandør for kva tema arealdelen skal ha fokus på. 

 

Planprogrammet

Planprogrammet skal greie ut korleis planprosessen skal gå føre seg og kva tema som er aktuelle inn i arbeidet.

Planprogrammet vart vedteke av heradsstyret 11.mai 2022, sak 044/22.

Du kan lese planprogrammet i sin heilskap her.

Saksframlegg med vedtak finn du her.

Medverknad

Det er laga ein eigen plan knytt til medverknad i innspelsperioden. 

Du kan lese medverknadsplanen i sin heilskap her. 

Grendamøte

Osterøy kommune inviterer til grendamøte i perioden fram til 1.august. 

I møta vil planavdelinga informera om planen og svare på spørsmål knytt til medverknad, innspel og prosess. Me oppfordrar innbyggarar, lag og foreiningar og næringsliv til å møte opp og kome med synspunkt på korleis arealbruken i kommunen bør vere fram mot 2033.

Det vert halde ope møte fire stadar i kommunen. Me ber at de finn den møtestaden som høver best for dykk. Møtet i Lonevåg er eit utvida møte som også vil omfatte medverknad i klimatilpassing.

Tidspunkt for grendamøter: 

For kven

Når

Kvar

Haus og Bruvik

25.mai  

kl 18 - 20

Haus skule, gymsalen

Valestrand, Hauge og Hamre, Hjellvik

1.juni    

kl 18 - 20

Valestrand skule, gymsalen

Lonevåg

8. juni   

kl 18.30 - 20.30

Rådhuset/Heradstyresalen

Hosanger og Fotlandsvåg

15.juni  

kl 18 - 20

Fotlandsvåg skule, gymsalen

Open kontordag

Frå veke 22-28 mellom kl 12 - kl 18 kan du kome på open kontordag på rådhuset, og planavdelinga kan svare på spørsmål knytt til KPA og planprosessen. 

Ta kontakt for å avtale møtetidspunkt. Kom gjerne med spørsmåla i forkant slik at vi kan førebu oss til møtet. 

  • Juni: 2., 9., 16., 22., 30.,
  • Juli: 7. og 14.

I veke 29 og 30 er kontoret stengt. Har du spørsmål, kan du nå leiar for plan, Pelle Engesæter, på telefon 902 40 120

Arealinnspel

Det er opna opp for arealinnspel knytt til dei tema som er vedtekne i planprogrammet. 

Du kan sende inn arealinnspel via dette skjema.    

Skjema skal returnerast via e-post til post@osteroy.kommune.no eller pr brev til Osterøy kommune, Postboks 1, 5293 Lonevåg. 

Frist for arealinnspel er sett til 1.august 2022.

Arealinnspela må vere i tråd med arealstrategien som er vedteke i Kommuneplanen sin samfunnsdel.

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2021-2031 kan du lese her.

Til informasjon:
Alle innspelene som er komen inn er tilgjengeleg for alle via saksinnsyn som ligg nedst til høgre på den blå lina på heimesida. Søk på saksnr 22/750 eller trykk her for å gå direkte til saka 

Kontakt

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med prosjektleiinga for planarbeidet

Pelle Engesæter, leiar for planavdelinga

E-post: pelle.engeseter@osteroy.kommune.no

Telefon: 56 19 22 53 / 902 40 120

Anders Gulowsen, planleggar

E-post: anders.gulowsen@osteroy.kommune.no

Telefon: 56 19 21 18

Følg saka 

Du kan halde deg oppdatert på kva som skjer i saka via innsynsløysinga vår.

Klikk her for å kome direkte til saka. 


Sist oppdatert: 20.03.2023
Publisert: 12.05.2022