Kart og eigedomsinformasjon
Bestille kart
Du kan bestille kart via tre ulike aktørar.
Kartdata, eigedomsinformasjon, eigedomskart, nabolister og andre kartprodukt er andre tenester som kan kjøpast via bl.a Ambita Infoland si løysing.
Du kan òg bestille kartdata direkte frå kommunen. Trykk her for å bestille kart.
Sal av kartdata vert prist etter Kartverket sin priskalkulator for sal av kartdata gjennom geovekst.
Du kan laste ned eigne kart frå nordhordlandskart.no
Slette heftingar på eigedom
Ynskjer du å slette noko frå grunnboka?
Ved å følgje rett framgangsmåte kan du få slette ein forkjøpsrett, burett, leigeavtale, festekontrakt, utleggspant og andre hefte.
På Kartverket si heimeside kan du finne meir informasjon om ulike hefte og korleis du slettar dei.
Gå til Kartverket si side her.
Kva gjeld for eigedommen
Matrikkelen
Matrikkelen er Norge sitt offisielle eigedomsregister, med informasjon om eigedomsgrenser, areal, bygningar, bustader og adresser. Matrikkelen inneheld opplysningar om eigedommen sine fysiske eigenskapar.
For å sjå kva som er registrert på eigedommen din, kan du gå inn på www.norgeskart.no for å få eit utdrag, eller bestille matrikkelbrev frå kommunen som gir ein fullstendig oversikt.
Les meir om matrikkelen og kva opplysningane kan brukast til her.
Ulike nett-tenester
Du kan gjere oppslag på din eller andre sin eigedom via ulike nett-tenester:
- Nordhordlandskart.no - Felles kartløysing for kommunane i Nordhordland.
- Boligmappa - "Boligens servicehefte"
- Se din eiendom - Statens kartverks nettløsning for å vise informasjon frå matrikkelen og grunnboka.
Finn brukseiningsnummer
Dersom det er knytt fleire brukseiningar til ei veg- eller matrikkeladresse, t.d. ei bustadblokk, vil den offisielle adressa også bestå av eit brukseiningsnummer.
Les meir om korleis du finn brukseiningsnummer her.
Reguleringsplanar
Ein reguleringsplan gjev detaljerte rammer for kva eit areal kan brukast til, og er grunnlaget for å ta stilling til byggjesøknader og andre søknadspliktige tiltak i eit område. Les meir om reguleringsplanar her og korleis du kan finne ut kva som gjeld for eigedommen din.
Feil i kart
-
Viss du oppdagar feil i kartet skal dette enten meldast til kartverket eller til kommunen. For riktig kartgrunnlag kan ein sjå på kommunen sitt kart: www.nordhordlandskart.no/1253 eller kartverket sitt kart www.norgeskart.no
For feil med vegar, adresser, stadnamn eller andre kartdata så brukar man kartverket sin teneste: https://www.rettikartet.no/
For feil med eigedomsgrenser eller andre feil i matrikkelen skal det sendast eit krav om retting til kommunen på e-post: post@osteroy.kommune.no eller post til: Osterøy kommune, postboks 1, 5293 Lonevåg.
For at kravet blir behandla i kommunen må det innehalde:
-
Utfylt og signert skjema: «Krav om retting av feil og manglar i matrikkelen» (Døme: skjema)
-
Dokumentasjon (Skylddeling, utskifting, jordskiftesak, gamle kart eller liknande der dette finns). For utskiftingar eller anna dokumentasjon som tar for seg fleire eigedomar må den delen som gjeld aktuell eigedom uthevast.
-
Kart der rettinga er teikna inn og signatur frå heimelshavarar til berørte matrikkeleiningar. (Sjå rettleiar for å lage kart i Nordhordlandskart)(Døme: digitalt kart) Du kan og ta utskrift frå Nordhordlandskart (Rettleiar for utskrift av kart) og teikna på kartet for hand. (Døme på teikna/analogt kart)
Det er og krav om at alle partar med felles grense må vera einige i grenseforløpet som vert kravd retta. Dersom nokon partar er ueinige i grenseforløpet, er dette noko verken kommunen eller kartverket kan avgjere. Slike saker må takast inn for forliksrådet, dei ordinære domstolane eller jordskifteretten.
Bakgrunn
Ikkje alle eigedomar i kommunen er målt nøyaktig i ein kartforretning eller oppmålingsforretning. Før 1980 var det ikkje måleplikt, noko som gjer at eldre eigedomar kan ha usikre grenser. Før 1980 blei eigedomar frådelt ved skylddelingsforretning som hadde bakgrunn i skattelegging, så grensene blei ofte berre målt med måleband. Desse avstandane er eit godt utgangspunkt for å leite fram gamle grensemerke.
-
Før 1980 blei eigedomar oppretta ved ein skylddelingsforretning
-
Mellom 1980 og 2009 blei dei oppretta ved ein kartforretning
-
Frå 2010 er det oppmålingsforretning som er brukt.
-
Kontakt oss
Har du spørsmål, eller har problem med å finne kart, send e-post til