Tilskotsordningar
Tilskot til inkludering av barn og unge 2024
Lag, organisasjonar og andre aktørar kan søkja om midlar til inkludering av barn og unge gjennom Bufdir si tilskotsordning "Inkludering av barn og unge".
Søknadsfristen er 3. november.
Ta kontakt med silje.solberg@osteroy.kommune.no for spørsmål.
Frifond
Frifond gjer pengar til barn og unge som som vil lage musikkvideo til bandet, byggje ein skaterampe, arrangere et cosplay-treff, eller noko anna kult der dykk bor.
Gjensidigestiftelsen
Gåveverksamheita spenner vidt, frå lokale dugnadsprosjekt til større landsomfattande prosjekt som går over flere år. Gjensidigestiftelsen sitt mål er at Noreg skal bli eit tryggare samfunn og at fleire får mogelegheit til å leve friske og aktive liv.
Tilskot til lågterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom
Kommunar og frivillige organisasjonar kan søkje på denne felles tilskotsordninga for tiltak innan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv for barn og unge.
Les meir om tilskotsordninga her.
Tilskot, løyve og konsesjonar frå Vestland fylkeskommune
Tematisk oversikt over ulike tilskot. løyver og konsesjonar. Idrett, friluftsliv, kultur, næringsutvikling, mm.
Les meir om dei ulike tilskotsordningane på Vestland fylke sine nettsider.
Straumstøtte til lag og organisasjonar
Lotteri- og stiftelsestilsynet har opna for ny søknadsrunde om straumstøtte.
Søknadsfristen er 15. februar klokka 13.00.
No kan du søke straumstøtte for perioden oktober, november og desember 2022. Lotteri- og stiftelsestilsynet vil betale ut straumstøtte fortløpande etter dei har opna for søknadar, slik at dei som søker tidleg kan få pengane raskast mogleg.
Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. Mottakarar får dekt 90 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen. I dei tidlegare søknadsrundane har kompensasjonsgraden vore 80 prosent. For desember kan også Midt-Norge (NO3) og Nord-Norge (NO4) søke om støtte.
Her kan du sjå oversikt over områda som er omfatta av ordninga.
Kven kan søke?
Søkar må ha organisasjonsnummer for å kunne søke, og desse organisasjonane har rett til å søke:
- Verksemder som er registrerte i Frivilligregisteret. Vi oppfordrar organisasjonar som oppfyller kriteria, til å registrere seg.
- Verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligregisteret kan søke dersom eigarar/medlemmer med bestemmande innverknad er registrerte i Frivilligregisteret. Dette gjeld til dømes idrettslag som har skilt ut drifta i eit eige selskap som ikkje er registrert i Frivilligregisteret, der idrettslaget har den bestemmande innverknaden.
- Andre frivillige verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligheitsregisteret: Kan få støtte dersom verksemda hovudsakleg er driven av frivillig arbeidsinnsats og det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordeler frå verksemda. Med frivillig arbeidsinnsats meiner vi menneske som bidrar utan løn eller anna form for økonomisk motyting, verken no eller i framtida. Til dømes kan frittståande kyrkjelyds- og forsamlingshus under Den norske kyrkja, grendehus og lokale forsamlingshus søke om dei hovudsakleg er drivne av frivillig arbeidsinnsats.
Les meir om vilkåra for ordninga og korleis du kan søke her.
Miljødirektoratet sine tilskot til naturforvaltning, friluftsliv, forureining, kulturminner, klima m.m.
Miljødirektoratet sine tilskotsordningar.
Tilskot til lokale kulturarena
Tilskota skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjer rom for ulik kulturell virksomheit.
Tilskot kan løyvast til:
- kulturhus
- fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak
- scenekunstlokale
- konsertsal
- formidlingslokale for biletkunst
- etablering av livssynsnøytrale seremonirom
Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygg, men ikkje til vedlikehald eller drift.
Les Vestland fylke sine retningslinjer for ordninga her:
Frist for å sende varsel om søknad til kommunen: 31. desember 2024.
Frist for å sende inn søknad for 2025 er 15. februar 2025.
Kommunen sin frist for å sende vidare søknad for 2025 er 30. april.
Les meir på anleggsregisteret.no
Kontakt
Har du spørsmål om kommunen si saksbehandling og tilskotsordningane, ta kontakt med kommunen.
Kulturrom
Tilskotsordning for lokale aktørar som driv med kultur, til dømes kor, korps og teater.
Kulturrom er ei tilskotsordning som skal bidra til øvingslokale og gode tekniske vilkår for framføring av musikk, dans og teater over heile landet.
Søknadsfrist: 1. mars og 1. september.
Les om ordninga her: Kulturrom – Tilskuddsordningen for teknisk utstyr og lokaler
Tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)
SØKNADSFRIST TIL KOMMUNEN 15.oktober 2023!
- Sjå under for meir informasjon. Søknadsskjema finn du HER
Midlane kan nyttast til bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og tilrettelegging for friluftsliv. Det kan ikkje søkast om tilskot til drift og løpande vedlikehald.
Slik søkjer du
Kommunen må opprette anleggsnummer og kontrollere om anlegget er ein del av ein kommunal plan før ein kan søkje spelmidlar. Ta kontakt med kommunen dersom du går med tankar om å søkje spelemidlar.
Kven kan søkje?
Krav til søkjar og søknad finn du meir informasjon om i Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2023 (For tildeling i 2024)
Kor mykje kan du søkje om?
Som hovudregel kan du søke om inntil 1/3 av total kostnadsramme for ordinære anlegg og inntil 50 % av total kostnadsramme for nærmiljøanlegg og turveg.
Krav til søknad
Søknad skal sendast via www.anleggsregisteret.no. Informasjon som skal fyllast ut:
- Prosjektinformasjon - tiltak og funksjon
- Kontakt og rekneskapsinformasjon
- Kostnadar - kostnadsoverslag
- Søknadsbeløp og finansiering
- Vedlegg
- Dokumentasjon på eventuell dugnad (denne skal dokumenterast med innhenta tilbod frå leverandør/entreprenør, eller vere bekrefta frå kvalifisert fagperson).
- Dokumentasjon på øvrige delar av finansieringsplanen (gåvebrev, eigenkapital, lånetilsegn, garanti, aksjekapital, tilskot)
- Dokumentasjon på kostnader
- Plan for drift av anlegget
- Dokumentasjon på eigedomsforhold/ rett til bruk av grunn.
- Behovsvurdering
Anlegget skal vere ein del av handlingsprogrammet for Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Nærmiljøanlegg med total kostnadsramme under kr 600 000 er unnateke krav om kommunal plan.
Behovsvurdering
Vedlegg 7: Behovsvurdering
-spesifiserast slik
1. Type anlegg som er planlagt bygd:
2. Behovet er: (innhald og dimensjonering (f.eks. tal brukarar/type bruk) av det planlagte anlegget)
3. Korleis er anlegget vurdert i kommunens planar?
4. Kvar ligg anlegget i forhold til andre anlegg (avstand), då særskild liknande anlegg?
5. Innbyggjartal/befolkingsdata:
6. Kven skal bruka anlegget?:
7. Tal medlemmar i idrettslaget/-laga som skal bruke anlegget:
8. Kven skal drifte anlegget?
Viktige fristar
- Frist for innspel til handlingsprogram for kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet: 7.juli
- Frist for innsending av søknad til kommunen via www.anleggsregisteret.no: 15. oktober
- Frist for kommunane å sende inn søknad til fylkeskommunen: 15. januar
- Frist for søknad om momskompensasjon for idrettsanlegg: 1.desember
- Frist for søknad om momskompensasjon for varer og tenester: 1.september
Kontakt
Om spørsmål til ordninga, ta kontakt med
ungdoms- og idrettskonsulent: Ingri Thomassen
e-post: ingri.thomassen@osteroy.kommune.no
SMIL-tilskot
Du kan søkje kommunen om tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket.
Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift.
Slik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut skjema frå Landsbruksdirektoratet.
Søknadsskjema og nærare informasjon finn du her
Søknad sendast til
Osterøy kommune
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg
Søknadsskjema kan også sendast på e-post til post@osteroy.kommune.no
Kven kan søkje?
Føretak eller privatpersonar som driv eller eig ein landbrukseigedom.
Krav til søkjar
Vi kan gi tilskott til gjennomføring av tiltak som tar vare på natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet.
Vi kan òg gi tilskott til gjennomføring av tiltak som bidrar til å redusere forureining eller, bidrar til mindre risiko for forureining frå jordbruket.
Kva skjer vidare?
Kommunen avgjer søknaden om tilskott og prioriterer søknader som ligg innanfor tiltaksstrategien til kommunen.
Har du fått innvilga tilskott, blir det utbetalt etter skriftleg oppmoding frå deg og når tiltaket har fått godkjent sluttrekneskapen. Du kan få utbetalt forskott på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som delar av tiltaket er utført.
Kommunen vil behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg tilbakemelding frå oss om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Kontakt
Ta kontakt med Landbrukskontoret for meir informasjon
Martin Ivar Henden
- Telefon: 56 19 22 66
- E-post: post@osteroy.kommune.no
Klage
Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til landbruksavdelinga. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer å endre i vedtaket, og grunngi det. Du kan be om rettleiing frå kommunen. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal vi vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, sender vi saka til Fylkesmannen.
Kva seier lova?
Forskrift om tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket
Tilskot til verna kulturminne (Vestland fylke)
Vestland fylke deler ut midlar til istandsetting av verneverdige kulturminne. Søknad skal sendast til Osterøy kommune innan 1. oktober. Les meir på Vestland fylke sine nettsider.
Uni-stiftelsen
Uni-stiftelsen gjev støtte til mellom anna vernenverdige bygningar. For meir informasjon, sjå Uni-stiftelsen si nettside.
"Ta et tak"
«Ta et tak» er ein aksjon som rettar seg mot våningshus og driftsbygningar.
Les meir på Norsk kulturarv sine nettsider.
Råd og rettleiing
For nærare informasjon, ta kontakt
- Telefon: 56 19 21 00
- E-post: post@osteroy.kommune.no