Miljøfyrtårn
Me jobbar for tida med å Miljøfyrtårn-sertifisere rådhuset som hovudkontor, før vi går vidare med dei underliggande einingane som skular, barnehagar osb.
Familie- og omsorgssenteret
Familie- og omsorgssenteret vart Miljøfyrtårn-sertifisert i 2021.
På Familie- og omsorgssenteret er vi opptatt av bærekraft og jobbar kontinuerleg med å redusere våre klimagassutslepp. Det inneber heilskapleg og systematisk arbeid med tiltak innan område som innkjøp, energi, transport, avfall, utslepp og estetikk.
Dette er nokon av tiltaka vi gjer:
- Innkjøp av elbil
- Auka kjeldesortering
- Solcellepanel (Familie- og omsorgssenteret)
Om Miljøfyrtårn
Miljøfyrtårn er eit anerkjent og effektivt verktøy for sertifisering og miljøleiing, og Noregs mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentere sin miljøinnsats og vise samfunnsansvar. Les meir på: www.miljofyrtarn.no.
Sist oppdatert:
08.09.2022
Publisert:
08.09.2022