Kulturskulen

Kontakt oss

Kulturskulen:

Lærarar på kulturskulen

Band, media og studio

Steinar Vatle

E-post: steinar.vatle@osteroy.kommune.no

 

 

Piano

Synnøve Jordalen

E-post: synnove.jordalen@osteroy.kommune.no

 

 

Song

Ole-Andreas Førde

E-post: ole-andreas.forde@osteroy.kommune.no

 

 

Gitar/bass, song og piano

Steinar Vatle

E-post: steinar.vatle@osteroy.kommune.no

 

 

Toradar/rektor

Kristoffer Kleiveland

E-post: kristoffer.kleiveland@osteroy.kommune.no

Telefon: 917 02 011

 

Slagverk

Torstein Åvar Sollien

E-post: torstein.avar.sollien@osteroy.kommune.no

 

 

Messingblås og korps

Birthe Carlsen

E-post: birthe.carlsen@osteroy.kommune.no

 

 

Hardingfele

Maria Skjeldrum Toppe

E-post: maria.skjeldrum.toppe@osteroy.kommune.no

 

 

Dans - Ballett, jazz og talentgruppe

Ine Terese Hogstad

E-post: ine.terese.hogstad@osteroy.kommune.no

 

 

Visuell kunst

Karianne Harstad

E-post: karianne.harstad@osteroy.kommune.no

 

 

Teaterkor

Sebastian Haugland

E-post: sebastian.haugland@osteroy.kommune.no

 

Besøks- og postadresse 

Besøksadresse:

Osterøy kulturskule

Rambergsvegen 219,221

5282 Lonevåg

Sjå kart. 

Postadresse:

Osterøy kulturskule

Geitaryggen 8
5282 Lonevåg 

Besøk på Facebook

 

Er du ikkje medlem, kan du sjå innlegg frå kulturskulen her.  

Våre tilbod

Media - Film, foto og grafisk design

Dersom du har interesse for film, foto eller grafisk design kan det vera lurt å melda seg på vår mediagruppe. 

I vår mediagruppe får du arbeida med programvare frå Adobe Creative suite, der vi bruker Photoshop, Illustrator, InDesign og Premiere Pro. Fotografering og bildebehandling er eit eventyr i Photoshop, og berre fantasien set grenser for kva som kan lagast der.

Mediagruppa får også arbeida med design av plakatar til kulturskulen sine konsertar og arrangement.

Mediagruppa vil og kunne vli engasjert i samarbeidsprosjekt med kunst og teaterfag.

Stad:
Mediagruppa held til i kulturskulen sine lokaler på Hatland, der vi har lyd- og bildestudio elevane kan boltra seg i.

Tid:
Mediagruppa har undervisning på ettermiddagstid. Undervisningstida kan variera i forhold til storleiken på gruppa. 

Dans

Me kan tilby ein variert dansemeny for deg som ynskjer å uttrykke deg sjølv gjennom rytme og rørsle. Du vert utfordra både rytmisk og fysisk der meistring og danseglede alltid er i fokus. Vår allsidige og dyktige dansepedagog Ine Terese Hogstad tilbyr dansekurs i fleire ulike sjangrar.

Dansestudio ligg i vårt bygg på Hatland og var nytt hausten 2016.

 

Jazz

Jazz er ein dansestil som bygger på grunnteknikk frå klassisk ballett. I motsetning til ballett beveger ein seg ofte raskare i jazz og har eit lågt tyngdepunkt. Ein dansar oftast til popmusikk og låtar frå kjende musikalar. Eit kjenneteikn på jazz er fokus på dynamikk, det vil seie å ta i bruk alt frå rolege til eksplosive bevegelsar i dansen.

Ein jazzklasse består av oppvarming av heile kroppen med fokus på grunnteknikk, styrke og fleksibilitet. Etter oppvarming går ein ofte diagonalt over rommet og gjer ulike steg og rørsler. På slutten lærer du ein koreografi.

Vi legg vekt på å utvikle ei god kroppshaldning, lære grunnteknikk gjennom ulike øvingar, koordinasjon, styrke og fleksibilitet, rytmekjensle, mestringskjensle og ikkje minst danseglede.

Klassisk ballett

Klassisk ballett er ein dansestil som dei fleste kjenner til. Typisk for klassisk ballett er god disiplin og nøyaktigheit. Det vert lagt vekt på god kroppshaldning med rett rygg, strake kne og høge bein. Andre stikkord er: piruettar, bein og armposisjonar etter fast mønster, flytande og grasiøse bevegelsar og eksplosive hopp og sprang.

Ein ballettklasse inneheld til vanleg eit fastsett mønster av fleire korte øvingar, der du gradvis varmar opp og styrker kroppen slik at du mot slutten av timen vert i stand til å gjera piruetter, hopp og koreografi.

Gjennom ballettundervisninga vil du:

  • læra deg grunnteknikk og namn og uttrykk på posisjonar
  • læra korleis du beveger deg til klassisk musikk
  • læra korleis du får ei god kroppshaldning
  • utvikle styrke og fleksibilitet.

 Samtidsdans

Samtidsdans er ein allsidig og dynamisk dansetrening. Samtidsdans oppstod som en reaksjon på den strenge klassiske balletten. Danseforma bruker ofte mye plass i rommet og ein bevegar seg opp og ned frå golvet seg med store kontinuerlige rørsler.

Ein klasse med samtidsdans består av oppvarming av heile kroppen med fokus på teknikk, dynamikk og flyt. Etter oppvarminga gjer ein rørsler som ruller, akrobatiske rørsler, hopp og trinn kombinasjonar. Improvisasjon, partnararbeid og kreative øvingar er også ein del av klassen. På slutten lærer du ein koreografi.

Vi legg vekt på å utvikle ei god forståing av rytmekjensle, dynamikk, rom, styrke og fleksibilitet. Mestringskjensle og ikkje minst danseglede står i fokus.

 

Utstyr

Det er viktig å ha treningsklede som har god strekk og gir rom for rørsler: Gjerne tights, t-skjorte og overdelar som ikkje sklir opp når vi bevegar oss opp og ned til golvet. Ha gjerne på mjuke turnsko for å unngå å skli. I samtidsdans dansar ein ofte barfot.

Kven passar det for

Vi har tilbod til alle aldersklassar frå 1.klasse t.o.m vidaregåande. Dansepedagogen vil leggja opp klassen i forhold til dine føresetnader slik at du opplever mestring, får god arbeidshaldning og danseglede. Gruppene er delt inn etter nivå og alder.

Framsyning og samarbeid

Dansegruppene deltar på ulike framsyningar som mellom anna: juleavslutning, Vårspel og musikal. Musikalen våren 2024 er Narnia, og er den største framsyninga.

Tid og stad

Timane varer i 60 min ( 75 min for Talentgruppa). Ein må rekne med helgeøvingar i samband med større prosjekt. Då vert undervisningsåret korta inn tilsvarande.

 

Undervisninga går føre seg i kulturskulens dansestudio på Hatland.

Teaterkor 4.-7. klasse

Namnet inneber at du får bli med på ei musikaloppsetning i løpet av året. Teaterkoret samarbeider tett med faga dans og visuell kunst.

Vi har hatt dette tilbodet sidan skuleåret 2012/13 og sett opp ein musikal kvart år.  På dette faget får ein verkeleg sceneerfaring.

Samarbeid
Teaterkoret er ikkje åleine om oppsetningane. Elevar frå media, visuell kunst og dans vert og på ein eller annan måte involvert i prosjektet. Dei føresette er òg ein viktig ressurs når det gjeld å skaffa kostyme og rekvisittar, og ikkje minst for å skapa ei sosial ramme rundt øvingshelg og framføringar.

Andre aktivitetar
Teaterkoret vil òg få oppdrag i samband med andre arrangement i kulturskulen. Mellom anna har dei vore programleiaiar på Vårspel (kulturskulen sin hovudkonsert)

Tid og stad
Teaterkoret har sine øvingar i kulturskulen sine lokale. 
I samband med innspurt til musikalen, vil det kunne bli endringar på planen. Du må rekna med minst ei øvingshelg. Intensive periodar vert kompensert med avspassering på slutten av året.

Visuell kunst

Lyst til å utforske det kreative og kunstneriske?

I visuell kunst er skaparglede og utforskartrong nøkkelord.

Vi arbeider både to og tredimensjonalt. Det du kan sjå på, og det du kan kjenne på.

I faget visuell kunst får du utforska forskjellige utrykksformer i teikning, maling, leire, tekstil, skulptur/installasjon inne og ute.

Vår lærar i Visuell kunst, Karianne Harstad har mange idear og legg vekt på at du gjennom å arbeida med ulike materiale, oppdagar ting undervegs og undrar deg over ulike former og uttrykk. Gleda ved å skapa er vel så viktig som resultatet.

 

Kva gjer vi?

Vi jobbar med stor variasjon av materialer. Blyantar, kull og kritt i skissebøker og på ark i diverse storleikar. I tillegg målar me med akryl og akvarell. Me lærer å kjenna fargane, eigenskapene deira og jobbar mykje med å blenda dei.

Å skapa med hendene gjennom materialar som leire, gips, betong, lær og andre tekstiler er og ein del av faget vårt. Elevane sine eigne ønskjer vil og vera med å bestemma materialval og arbeidsmåtar.

Gjennom året arbeider me både med individuelle, felles og prosjekt -oppgåver. Eit eksempel på prosjektoppgave er den årlege musikalen. Her arbeider visuell kunst med kostyme, scenografi og sminke. Dette arbeidet gir ein brei erfaring der ein jobbar i lag med andre kunstformer.

I det individuelle arbeidet er det rom for eleven til å kunne fordjupa seg i eige arbeid.

Med utgangspunkt i tradisjonelle handverk, utforskar me nye mulegheitar.

Kunsthistorie vert fletta inn undervegs der det er naturleg.

 

Utstillingar og prosjekt

Kulturskulen arrangerer kunstutstillingar, og er med på felles prosjekt med dei andre faggruppene i kulturskulen.

 

Tid og stad

Visuell kunst held til i kulturskulen sine lokale i Lonevåg.

Song 

Stemma har du alltid med deg, og noko av det kjekkaste du kan bruka ho til er å forme ord og tonar. I kulturskulen kan du få vidareutvikla songtalentet ditt med vegledning frå erfarne lærarar. Du får læra om pusteteknikk, klang, uttale, musikkteori og ikkje minst formidling.

Formidling

Songaren står gjerne i første rekkje og er den som skal bera fram bodskapen i musikken. Derfor er det viktig å få øvd deg til å opptre framfor eit publikum. Kulturskulen har fleire arenaer der du kan få slik erfaring. I tillegg til våre eigne konsertar, får me ofte spørsmål om å stilla med songarar til ulike arrangement i og utanfor Ostrerøy.

Kor og vokalensemble

Me legg og opp til at du skal få erfaring med fleirstemt song. Det kan vera vokalgrupper av ulik storleik eller korprosjekt i samband med større arrangement. Når du syng i lag med andre, får du øvd opp gehøret og vert betre til å syngja reint. Alle elevar i ungdomsskulealder og oppover får tilbod om å vera med i kulturskulen sitt ungdomskor i samband med vår årlege hovudkonsert - "Vårspel".

Når kan eg byrja?

Tilbodet er for born frå første klasse, men me har erfaring for at eleven med fordel kan vera litt eldre for å få godt utbyte av individuell songundervisning. 3. eller 4. klasse kan vera eit greitt utgangspunkt. Det er ein stor fordel å ha spelt eit instrument først slik at du kjem litt inn i noteverda . Piano er då eit godt utgangspunkt. For 1. og 2. klassingar tilbyr me og Smartstart, som er eit allsidig gruppebasert begynnertilbod. Frå 3. klasse kan du melda deg inn i teaterkoret dersom du og har ein liten skodespelar i magen. Les om desse tilboda under eigne faner.

Tid og stad

Songundervisning vert gitt i kulturskulen sine lokale og på Valestrand skule, etter skuletid.

Gitar

Gitaren er eit instrument svært mange har eit forhold til, og fleire vil læra seg å spela. Instrumentet er forholdsvis lett å frakta med seg, og kan brukast i svært mange samanhengar. Har du lært deg nokre gitargrep kan du fort verta midtpunktet i gjengen dersom det byr seg ein anledning til litt allsong, enten det er rundt leirbålet på ein telttur eller du har konsert for medelevar på skulen.

Mange typar gitar

Det finst mange forskjellige typar gitar: klassisk gitar, akustusk gitar med stålstrengar eller nylonstrengar, halvakustisk gitar og elektrisk gitar. Felles for dei aller fleste er at gitaren har seks strengar, sjølv om det finst både sju- og tolvstrengarar. Det er også forskjellige storleikar å få tak i.
For dei minste gitaristane er det ofte best å spela på ein juniorgitar, som er noko mindre enn ein vanleg gitar. I starten kan det også vera lurt å ha ein gitar med nylonstrengar, for å unngå såre fingertuppar.

Når kan du byrja å spela gitar? 

Du kan sjølvsagt byrja når du vil, men det passar best frå 3. klasse og oppover. Gitaren krev litt styrke i fingrane, og det kan ofte vera vanskeleg for dei aller minste.

Tid og stad

Gitarundervisning vert gitt i kulturskulen sine lokale i Lonevåg og Valestrand etter skuletid.

Piano

Piano er eit populært instrument i kulturskulen. Instrumentet nyttast i mange samanhenger, som soloinstrument eller i som ein del av eit større ensemble. Pianistar er populære. Det er alltid trong for tonefølgje til bryllup, konfirmasjonar eller juletrefestar. I kulturskulen kan du få systematisk og kyndig opplæring på instrumentet. Våre lærarar har erfaring frå mange stilartar frå klassisk til meir "fri" spelestil basert på besifring (akkordar) Me legg uansett vekt på at du får grunnleggande opplæring både når det gjeld teknikk og notekunnskap.

Mange fordelar
Sett bort frå at eit piano er tungt å bera på, er det mange gode grunnar til å velja piano som instrument i kulturskulen.

  • Du får lett god lyd
  • Du lærer deg lett å forstå notar og akkordar
  • Du kan spela komp til songar
  • Du kan vera ditt eige orkester med melodi, bass og akkordar
  • Egner seg godt for nybyrjaropplæring i musikk, uavhengig av kva du seinare vil velja

Piano med eller utan straum
Piano er eit kostbart instrument. Mange vel derfor å skaffa seg digitalt piano. Dei er rimelege og held etterkvart god kvalitet dersom ein styrer unna dei aller rimelegaste alternativa. Satsar du på å utvikla deg til klassisk pianist vil du før eller seinare ha størst utbyte av eit akkustisk piano.

Mange har keyboard heime. Eit keyboard har fleire lydar og fleire automatiske innretningar som autokomp. (Lagar komp i ulike stilartar medan du sjølv speler melodien) Eit keyboard har noko lettare anslag og færre tangentar. Som nybyrjar får du same grunnopplæring uavhengig av kva for instrument du har heime, men våre lærarar vil og hjelpa deg til å utforska instrumentet ditt, slik at du får størst mulig glede av det. 

Tid og stad
Pianoundervisning vert gitt i Kulturskulen sine lokale og på Valestrand skule, etter skuletid.

Bassgitar

Bassgitaristen har ein heilt sentral plass i bandet. Det er når bassen kjem inn, det byrjar å låte skikkeleg bra. Bassen skaper bunn i klangbildet og du driv rytmen framover. Alle dei andre i bandet er avhengig av at bassisten gjer jobben.

Gitar og bassgitar
Det er store likskapar mellom gitar og bassgitar. Ein bassgitar er eigentleg ein stor gitar, men ein brukar dei 4 grovaste strengane. For ein gitarist kan det vera nyttig å spela litt bass i blant fordi det hjelper til med å få eit godt oversyn over kor notane ligg på gripebrettet.


Når kan du byrja å spela elbass?
På grunn av storleiken passar ikkje elbassen for dei minste, ein må ha litt styrke i fingrane for å få god lyd.
5. klasse kan vera eit greitt utgangspunkt.


Må du ha bassgitar sjølv?
Det er gjerne meir vanleg å ha tilgang til ein gitar i heimen, enn ein bassgitar. I starten let det seg fint gjera å øva inn stykkene på ein vanleg gitar. Men når du finn ut at dette er noko du vil satse på, bør du skaffa deg ein elbass slik at du får øvd opp styrken i fingrane og blir van med avstandane på gripebrettet.


Du vert ettertrakta
Bassgitaren er ikkje eit utprega soloinstrument. Difor legg me i kulturskulen opp til at du i periodar får prøva deg i ulike samspelsituasjonar. Når nokon skal spela i lag, er dei alltid på utkikk etter ein bassist.

Slagverk

Slagverkaren tilfører musikken energi og driv. Har du mykje rytme i kroppen, kan dette vera noko for deg.

Armar og bein
Som ny på trommestolen vil du fort merka at armar og bein ikkje alltid vil lystre kommandoen frå hjernen. Med vårt undervisningsopplegg får du systematisk øvd opp kontrollen av armar og bein slik at røslene dine etter kvart vert omgjort til fengande rytmar.

Musikalske byggjesteinar
Trommeundervisninga egner seg godt til å gje eleven grunnleggjande forståing av ord og uttrykk i musikken. Du lærer om taktartar, noteverdiar og periodar. Ved a læra deg slagverkkunsten, har du og eit godt grunnlag for å gi deg i kast med andre instrument seinare.

Melodisk slagverk
Vibrafon, klokkelspel, xylofon og marimba vert og rekna som slagverkinstrumnet. Torstein Sollien har dette som spesialområdet og kan tilby god undervisning på desse instrumenta i tillegg til det tradisjonelle trommesettet.

Du vert ettertrakta
Slagverket er ikkje eit utprega soloinstrument. Difor legg me i kulturskulen opp til at du i periodar får prøva deg i ulike samspelsituasjonar.
Når nokon skal laga band, er dei alltid på utkikk etter ein trommis.

Hardingfele

På Osterøy er det eit rikt folkemusikkmiljø gjennom verksemda til Osterøy spel-og dansarlag. Osterøy kulturskule har i mange år gitt tilbod om undervisning i hardingfelespel. Mange av utøvarane er no blitt dugandes spelemenn og er klare til å læra opp nye generasjoner med spelemenn. Har du lyst å trylla fram ein frisk halling eller ein slått det er fint å lytta til? Du er velkommen i kulturskulen. 

Osterøy spel -og dansarlag

Begynner du på hardingfele, vert du og invitert med på kjekke aktivitetar i regi av Osterøy spel- og dansarlag. Laget har mange engasjerte leiarar som ønskjer å skapa gode møteplassar med born og folkemusikk i sentrum.

Tid og stad

Undervisninga går føre seg etter skuletid i kulturskulen sine lokale i Lonevåg og på Valestrand skule. Elles etter avtale med lærar.

Toradar

Krsitoffer Kleiveland står klar til å ta imot deg om du ønskjer å bli ein god toradarspelar. Du får individuell undervisning, og du får grundig opplæring i riktig speleteknikk. Sjølv om undervisninga er individuell, får du prøva deg i smågrupper i samband med konsertar og liknande.

OsterøyBelgen er eit lag du kan melde deg inn i for å delta i eit sosialt og triveleg toradarfelleskap. OsterøyBelgen er for unge musikarar og består av forskjellige toradergrupper alt etter kva nivå ein har nådd (ca 10 stk i ei gruppe). Desse ulike gruppene reiser ein del rundt på speleoppdrag, festivalar og konkurransar.

Spelar du toradar i kulturskulen og samtidig er med i Osterøybelgen, får du eit godt grunnlag for å bli ein komplett uttøver på toradaraen.

Me speler varierte melodiar, alt ifra swing og rumba til ulike barnemelodier, vals, polka og lignande.

Det er mulig å leige seg toradar viss du ikkje har dette.

Tid og stad
Undervisninga går føre seg på kulturskulen etter skuletid.

Trekkspel/akkordeon

Instrumentet kan nyttast i mange samanhenger, som soloinstrument eller som ein del av eit større ensemble. I kulturskulen kan du få systematisk og kyndig opplæring på instrumentet. Vår lærar har erfaring frå fleire stilartar frå klassisk til folkemusikk, og til ein meir "fri" spelestil basert på besifring (akkordar). Me legg uansett vekt på at du får grunnleggande opplæring både når det gjeld teknikk og notekunnskap.

Tid og stad
Undervisningtida går føre seg i kulturskulen sine lokale etter skuletid.

Utlån instrument
Kulturskulen har eit par instrument til utlån for nybyrjarar.

Blåseinstrument og aspirant

Hordaland er Norges korpsfylke. Her er stor bredde, samstundes som fylket er representert med korps i verdsklasse.
Osterøy kulturskule ønskjer å vera ein aktiv samarbeidspartnar i arbeidet med å utvikla korpsmiljøet i kommunen. Me tilbyr individuell undervisning på messinginstrument, og perkusjon. 

Osterøy skulebrass
Dersom du vil spele eit blåseintrument(messing) bør du melde deg inn i skulekorpset.

På Osterøy har vi Osterøy skulebrass (tidl. Haus og Lonevåg skulemusikklag) Som ny musikant melder du deg på faget korpsaspirant. Dette tilbodet er gratis, ein betalar berre ein mindre medlemskontingent til Osterøy skulebrass. Som korpsmedlem blir du ein del av eit inspirerande musikalsk fellesskap og eit godt sosialt miljø.

Kulturskulen leverer instruktørteneste til korpset og tilbyr som nemnd individuell undervisning for dei som ønskjer det. Vil du vita meir kan du kontakta kulturskulen eller korpset direkte.

Aspirantansvarleg Osterøy Skulebrass

Gunn Lohne, 97479053

Kristin Ruud Myking, 99010087

Liv R. Johnsen, 99153925.

Leiar Osterøy Skulebrass, Lene Revheim, 99773714

SMARTstart

Kva slags musikar bur i deg?
SMARTSTART er eit variert grunnopplæringstilbod i musikk for deg som skal begynna i kulturskulen for første gong. Du får prøvd deg på song, stavspel, piano, ukulele, gitar og rytmeinstrument. Du vil også bli kjent med notar og musikkuttrykk slik at du er godt førebudd når du seinare vil begynna på eit instrument. 

Tilbodet vert gjeven i gruppe på kulturskulen i Lonevåg. 

Målgruppe: Førskuleborn - t.o.m. 2. klassingar.

Tid og stad
Undervisning vert gitt i kulturskulen sine lokale og på Valestrand skule etter skuletid. 

Låtskriving i studio

Mange sit gjerne for seg sjølve og klimprar eigne tonar på eit instrument, eller skriv små tekstliner i det skjulte. I dette faget vil du få gode råd på vegen og hjelp til å skapa eit ferdig musikalsk produkt anten det er eit instrumentalt stykke eller ein song. 

Kulturskulen kan tilby studiotid og god coaching gjennom heile prossessen frå idè til ferdig innspelt produkt. Me har godt opptaksutstyr og det siste innan programvare. Ved å vera ein del av kulturskulen, har du og tilgang til andre elevar som kan hjelpa til med koring og speling på ulike instrument.

Tilbodet vert organisert som 40 minuttars økter over 18 veker.

Dersom det er to som vil ha eit prosjekt i lag, vil øktene bli på 80 min.

Digital musikkproduksjon

Kulturskulen har fått nytt godt utstyrt studio og me vil derfor tilby elevane våre faget digital musikkproduksjon. Det vil i utgangspunktet vere individuell undervisning.

Undervisninga vil bli organisert i 40 min.økter i to bolkar kvart semester.

Sjå introduksjonsvideo her.

Slik søkjer du

Registrer deg og meld deg på kurs her.

Har du vore elev i kulturskulen tidlegare, logger du deg inn her.

Brukarnamn er fødselsdatoen din, seks siffer (ddmmåå). Har du ikkje passord, ber du om eit nytt.

Kva kostar det?

Prisar

Prisar p.r. 01.08.2023

 

Individuell instrumentopplæring 20 min

Kr 2225,-

 

 

Individuell instrumentopplæring i lag, for eksempel korps

Kr 2050,-

Liten gruppe: Bandskule/media/visuell kunst

Kr 1900,-

Stor gruppe: Teaterkor/dans/Ungdomskor

Kr 1700,-

 Redusert eigenandel

Ein kan søkje om 70% reduksjon av eigenandel dersom husstanden samla har ein inntekt som er under kr 566 100 i året.

Søknaden må sendast før eleven byrjar i kulturskulen om hausten. Ved opptak midt i året, skal søknaden sendast seinast 14 dagar etter tildelt plass.

Det vert gjeven rabatt for eitt fag pr. elev. Ordninga er avgrensa til 15 plassar pr. år.

Klikk her for søknadskjema. 

NB! Søkjar må leggja ved likningsattest.

Skulerute for kulturskulen

Kulturskuleåret følgjer grunnskulen si skulerute. Det vil seie at det ikkje er undervisning på elevfrie dagar i grunnskulen.

Kulturskuleruta 2023 - 2024.pdf

Reglement

Vedtekter Osterøy Kulturskule

 Vedtekter Osterøy Kulturskule


Sist oppdatert: 25.01.2024
Publisert: 08.11.2018