Frivilligheit

Røde kors Besøksteneste

Røde kors har besøksven og besøksven med hund til Osterøytunet, men ønskjer fleire frivillige besøksvener. Ta kontakt med Osterøy Røde Kors om du ønskjer å bli besøksven. 

Trykk her for å komme til Osterøy Røde Kors si nettside. 

Aktivitetsven på Osterøytunet

For å oppretthalde og utvikle fleire aktivitetstilbod for våre eldre, er vi prisgitt frivillig innsats. Les meir om aktivitetsven her.

Har du lyst å vere frukostvert, besøksven eller føljesven, ta kontakt med Osterøytunet

 

Osterøy-ven

«Osterøy-ven»  eit prosjekt der deltakarane inngår ein gjensidig, kortsiktig avtale om å møtast eit viss tal gonger i løpet av 3 månader. Dersom det skulle vise seg at partane ikkje trivst saman, tar ein kontakt med ein av dei ansvarlege. Det er mogleg å bli løyst frå avtalen.

Kor mange gonger ein skal møtast, eller kor ofte, er opp til deltakarane, men vi ynskjer at det skal vere eit minimum på ein gong annakvar veke.

Korleis ein ynskjer å møtast, er opp til deltakarane. Det kan vere på fotballtrening, handarbeidskafé, på biblioteket, på småbarnstreff, ute på tur, i private heimar, eller kva som måtte passe.

Slik blir du Osterøy-ven

Kontakt integrerings- og læringssenteret viss du har spørsmål og vil melde deg som Osterøy-ven

Krav til deg

  • passar for deg som ynskjer å bu i eit godt og trygt lokalsamfunn der alle kan kjenne at dei høyrer til og er godt integrerte
  • norsk eller framanspråkleg bakgrunn

Osterøy-ven er eit «vinn-vinn» prosjekt som gir alle deltakarane høve til å lære noko nytt om kultur, språk, likskap og skilnad. Personlege møter er viktig for lokalsamfunnet, og vi veit at alle tener på gode nettverk. 

Språkkaféen på biblioteket i Lonevåg kan vere ein god møtestad i starten, der ein òg kan få råd og tips dersom ein er usikker på korleis ein skal kome i gang.

Gjerstad sokn vil saman med Osterøy integrerings- og læringssenter gjere jobben som koordinatorar og kople einskildpersonar eller grupper saman basert på mellom anna interesser, språkkunnskap og personlege eigenskapar.

Språkkafè

Biblioteket har saman med Osterøy integrering- og læringssenter språkkafè jamleg gjennom skuleåret. 

Gå til facebooksida for meir informasjon.

Veit du om andre aktivitetar?   


Sist oppdatert: 17.11.2021
Publisert: 08.11.2018