HeimNatur, kultur, ferie og fritidHaustferie på Osterøy

Haustferie på Osterøy

Måndag 11. oktober kl. 9:30-13:30 5.-7. trinn

Torsdag 14. oktober kl. 9:30-13:30 1.-4. trinn

Velkomen på biblioteket i haustferien!!

Robotar, elektronikkverkstad, dramakurs, nintendo, brettspel og mykje anna er noko av det du kan oppleva hjå oss. Me vil ha program måndag (5.-7. klasse) og tordag (1.-4.klasse) i haustferien, og me kan lova at dei fleste vil finna noko dei tykkjer er morosamt å driva med. Osterøy bygdekvinnelag lagar lunsj til alle saman.

VELKOMEN!!!

 

Mandag 11.oktober kl. 10-13 på Nr1 Fitness Osterøy

LEIK OG MORO FOR 1.-2.KLASSE

Me leikar både ute og inne, har ulike aktivitetar, beveger oss til musikk og har ei lita økt med Yoga. Det vil bli servert tomatsuppe med pasta i til lunsj. Dersom ein vil ha noko anna å ete må ein ta det med sjølv. Ha gjerne på behagelege klede som eignar seg til bevegelse og leik. Ha også med klede etter vêret (for å kunne vere ute), eiga drikkeflaske og sko til å bruke inne

 

Tysdag 12.oktober kl.10-13 på Nr1 Fitness Osterøy

LEIK OG MORO FOR 3.-4.KLASSE

Me leikar både ute og inne, har ulike aktivitetar, beveger oss til musikk og har ei lita økt med Yoga. Det vil bli servert tomatsuppe med pasta i til lunsj. Dersom ein vil ha noko anna å ete må ein ta det med sjølv. Ha gjerne på behagelege klede som eignar seg til bevegelse og leik. Ha også med klede etter vêret (for å kunne vere ute), eiga drikkeflaske og sko til å bruke inne

 

Tysdag 12. oktober og onsdag 13. oktober frå kl. 10-15, 1.-7. trinn

Haustleir på Espevoll gard og rideskule

Me har gleda av å få tilby nokre dagar med haustleir! Alle skal få kosa og stella med dyra. Ri på tur og køyra vogn med hest. Me kjem til å grilla pinnebrød på bål om vêret tillet det, og kanskje blir det lappar ein dag. Det blir litt aktivitetar utanom, som pil og boge-skyting, frisbee og liknande. Velkomen!

 

Her er lenke til påmeldingsskjemaet:

Påmeldingsskjema Haustferie på Osterøy (Rediger) Microsoft Forms (office.com)

Påmeldingsfristen er søndag 26. september. Me sender ut svar om plassane så snart me kan. 


Sist oppdatert: 17.09.2021
Publisert: 06.09.2021