HeimKoronaVi søkjer helsepersonell og annan arbeidskraft

Vi søkjer helsepersonell og annan arbeidskraft

Status 01.04.20:

Osterøy Kommune takkar så mykje dei som har meldt seg til å hjelpe oss i å takle krisa vi no er oppe i. Vi har pr. i dag mottatt over 100 søknadar, og har allereie begynt å kontakte dei vi treng på noverande tidspunkt. Vi vil kontakte fleire neste veke.

Utfordringa er at situasjonen endrar seg frå dag til dag, noko som gjer det vanskeleg å planlegge og kunne gje ut oppdatert informasjon.  Vårt behov for støtte og hjelp vil dermed utvikle seg heile tida.  

Dette er og grunnen til at vi ikkje kan kontakte alle med ein gong.

Derfor ber vi deg som søkt om å vere i beredskap og klar ved eit eventuelt seinare tidspunkt. 

Det er fint om du held oss oppdatert om du ikkje lenger skulle vere tilgjengeleg, send då ein melding til post@osteroy.kommune.no.

Dersom det er fleire som skulle vere interessert til å bidra, så finn du skjemaet lenger ned på denne sida.

Vi takkar igjen for all god støtte!

----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Opprinneleg melding:

Osterøy kommune søkjer helsepersonell og andre personar som har moglegheit til å vera mellombels arbeidskraft i Osterøy kommune.

Vi oppmodar særleg personar med helsefagleg bakgrunn til å melda sin interesse, studentar under helsefagleg utdanning, og personar med helsefagleg utdanning/erfaring frå helse og omsorgstenesta.

Osterøy kommune søkjer samstundes etter alle som kan bidra med arbeidskraft til ein eventuell ekstraordinær situasjon i kommunen som følgje av korona-viruset. Dette kan vera oppgåver innafor alle områda kommunen leverer tenester, t.d. arbeid med reinhald, vaktmeister, transport, skule, barnehage eller helsetenester. 

Om du har lite eller mykje livserfaring eller om du har teoretisk kunnskap eller ikkje, så er vi interessert i å veta kven du er og kva du tenkjer du kan bidra med om behovet skulle melda seg.

Pensjonert personell, som frivillig tek på seg naudsynt arbeid i offentleg helseteneste, vil få ordinær løn etter tariffavtalen utan at pensjonen vert redusert.

Vi ønskjer derfor også å kome i kontakt med pensjonistar som ønskjer å bidra.

Anna:

Tilsettingsform: Engasjement

Løn: Etter tariff.

 

Vi har forenkla søknadsprosessen for engasjementet. Du kan melda di interesse via skjemaet under.  

(Dersom du ikkje får til å sende oss utfylt skjema – ring Servicekontoret tlf. 56 19 21 00)

Tusen takk for at du melder deg!

Vi tek kontakt med aktuelle personar.

Problem med å sjå skjemaet under? Klikk på denne lenka og skjemaet opnar seg i nytt vindu.


Sist oppdatert: 17.04.2020
Publisert: 19.03.2020