HeimKoronaSkular og barnehagar

Skular og barnehagar

Smitteverntiltak i barnehage

Barnehagane våre har allereie gode rutinar for smittevern, og vi har no oppdatert desse i tråd med den nye rettleiinga frå Folkehelseinstituttet:

  • Vi har ekstra fokus på reinhald – både på inne- og uteareala våre. Leiker blir vaska kvar dag.
  • Ekstra hygiene kring måltid blir iverksett. Alle barn skal ha med mat heimanfrå til barnehagen. Oppbevar maten i matboks.
  • Avdelingane blir delt i mindre grupper av barn med faste tilsette.
  • Trygg henting og bringing bli organisert av den einskilde barnehagen. Foreldre skal helst ikkje bli med inn i barnehagen.
  • Sjuke personar skal ikkje vere i barnehagen.
  • Deling av leiker og materiell som saksar, teiknesaker og liknande vert avgrensa.
  • Alle våre tilsette, samt vikarar, får opplæring i smittevern.

Vi skal framleis ta vare på barna sine behov for fysisk omsorg og sørgje for at alle born opplever tryggleik, å høyre til og trivsel i barnehagen. Kos og trøyst er framleis viktig for barna.

Smitteverntiltak i skulen

Skulane våre har allereie gode rutinar for smittevern, og vi har no oppdatert desse i tråd med den nye rettleiinga frå Folkehelseinstituttet:

  • Vi har ekstra fokus på reinhald – både på inne- og uteareala våre.
  • Ekstra hygiene kring måltid blir iverksett. Alle barn skal ha med mat og eigen drikkeflaske heimanfrå til skulen og SFO. Oppbevar maten i matboks.
  • Klassane blir delt i grupper av barn med faste tilsette. Det kan hende elevar vert gruppert saman med elevar og lærarar frå andre klassar
  • Trygg henting og bringing blir organisert av den einskilde skulen. Foreldre skal helst ikkje vere med inn på skulen.
  • Sjuke personar skal ikkje vere på skulen.
  • Deling av leiker og materiell som saksar, teiknesaker og liknande vert avgrensa.
  • Alle våre tilsette, samt vikarar, får opplæring i smittevern.

Vi skal framleis ta vare på barna sine behov for omsorg og sørgje for at alle born opplever tryggleik, å høyre til og trivsel i skulen.

Viss barnet ikkje kjenner seg bra i barnehagen eller på skulen

Har barnet ditt symptom på sjukdom, også milde symptom, skal de ikkje kome i barnehagen eller på skulen. Det er ekstra viktig no at barna er heime i minst eitt døgn etter at dei har blitt symptomfrie. Foreldre som har luftvegssymptom, skal ikkje følgje eller hente barn i barnehagen eller på skulen. Har foreldre eller nokon andre i husstanden fått påvist sjukdom med koronavirus, skal de heller ikkje kome i barnehagen eller på skulen.

Viss barnet blir dårleg, må de hente barnet så fort det let seg gjere.

Les meir om sjukdom i barnehagen i rettleiaren frå Folkehelseinstituttet.

Er det nokre barn det må takast spesielle omsyn til?

Barn og unge har så langt vist seg å ha svært låg risiko for alvorleg sjukdom med koronavirus. For å vere føre var kan likevel barn som har spesielle sjukdommar og diagnosar bli rådd til å unngå oppmøte i barnehage. På denne lenkja finn du ei oversikt over diagnosar der det skal takast spesielle omsyn. Ta kontakt med styrar om barnet ditt har ein av diagnosane på lista.

 

Treng du nokon å snakke med?

Synes du og/eller barna dine at kvardagen er vanskeleg og har behov for å snakke med nokon? 

Det finst mange hjelpetelefonar, som særleg rettar seg mot barn og unge:

  • Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
  • Mental helse ungdom: 116 123
  • Kors på halsen: 800 33 321
  • Kirkens SOS: 22 40 04 40
  • Rustelefonen: 08588

 


Sist oppdatert: 26.03.2021
Publisert: 24.04.2020