HeimKoronaKoronaråd for påskeferien

Koronaråd for påskeferien

På grunn av utbrot av muterte virus ulike stader i Noreg, har regjeringa vedtatt å innføre nye, nasjonale tiltak frå og med torsdag 25. mars. Desse tiltaka varer i første omgang til 12. april. 

Smittetrykket er heldigvis lågt i Osterøy kommune om dagen. For at vi skal halde det slik, er det viktig at vi følgjer nasjonale smittevernråd og -reglar - i påskeferien òg.
Det er kjedeleg, men viktig å hugse at poenget er å hindre smittespreiing og endå større konsekvensar på sikt.

Besøk
  • Hald to meters avstand til personar du ikkje bur saman med eller er i kohort med, både inne og ute
  • Vi bør ikkje ha fleire enn to gjester på besøk om gongen. Dette gjeld både heime og på hytta 
  • Avgrens talet på personar du har kontakt med, og hald deg til dei same personane over tid - ikkje nye gjester kvar dag
  • Unngå å reise på besøk til, og ta imot besøk frå, område med høgt smittetrykk
  • Studentar som bur åleine på studiestaden kan reise heim til Osterøy kommune på påskeferie
  • Dersom vi møtest utandørs, kan vi vere fleire saman, men hugs to meters avstand!
  • Vi som kjem frå område med lågt smittetrykk, skal ta omsyn til smittesituasjonen og tiltaksnivået i kommunen vi reiser til

Og sjølvsagt: Ikkje reis nokon stad dersom du er sjuk, ventar på testsvar eller er i karantene.

Hytter
  • Du kan reise på hytta, så lenge du tar nødvendige smittevernomsyn
  • Sjekk kva for smittevernreglar som gjeld i kommunen du reiser til
  • Reis saman med dei du bur med til vanleg. Dersom du bur åleine, er rådet at du kan reise på hytta saman med éin eller to faste venner eller éin fast husstand
  • Ta handelen i heimkommunen før de reiser
  • Avgrens sosial kontakt/besøk i hyttekommunen
Arrangement

Regjeringa anbefaler å avlyse alle planlagde arrangement. Dersom eit arrangement ikkje kan utsetjast, gjeld desse reglane:

  • Innandørs: Maksimalt 20 personar på arrangement med faste, tilviste sitteplassar
    • 50 personer på idrettsarrangementer for personar under 20 år som tilhøyrer idrettslag i same kommune
    • 50 personar i gravferd og bisetting ved faste tilviste plassar
  • Utandørs: Maksimalt 50 personar på arrangement
Skjenkestopp

Forbod mot skjenking av alkohol over heile landet.

Treningssenter

Treningssenter kan halde ope, men berre for innbyggarar eller som del av rehabilitering/behandling.

Heimekontor

Påbod om heimekontor så lenge det er praktisk mogleg.

Opningstider koronatelefon i påskeveka

Koronatelefon: 56192277

Måndag - onsdag: 08.30 - 14.00

I påskehelga er telefonen open:

Skjærtorsdag: kl.09-12.00

Langfredag: Stengt

Påskeafta: kl. 09-12.00

1. Påskedag: Stengt

2. Påskedag: kl. 09.00-12.00

Informasjon frå FHI og Regjeringa

Anbefalingar for påskeferien - Regjeringa

Avstand og færre kontaktar - FHI

Tilrådingar for påskeferien - Statsforvaltaren i Vestland


Sist oppdatert: 26.03.2021
Publisert: 25.03.2021