Status på vaksinasjon

Det er nokre me ikkje klarar å få tak i, så om du er i den prioriterte gruppa så er det viktig at du tar telefonen om eit ukjent nummer ringer. Dei som me ikkje har fått kontakt med vil bli forsøkt ringt opp att.

Om du ynskjer kontakt med nokon i koronateamet, kan ein ringe koronatelefonen (56192277) i opningstidene

(kvardagar kl 09.00 – 14.00)

Me er heilt avhengige av at famile og vener hjelper til å få informasjonen om vaksinering ut til alle i dei prioriterte gruppene, så me håpar at de som har familie og vener i prioriterte grupper tar seg ein prat med desse om dette.

Me minner om at det ikkje er tilrådd med reiser til områder med høg smitte og/eller påvist utbrot av mutert virus. No er det påvist utbrot av mutert virus i Ulvik herad, Kvam herad og Samnanger kommune så då vil me frarå unødvendige reiser til desse området.


Sist oppdatert: 04.02.2021
Publisert: 04.02.2021