HeimKoronaOppdateringar - kva skjer i OsterøyStatus på Osterøytunet 08.02.21

Status på Osterøytunet 08.02.21

Det er i dag vurdert saman med smittevernlegen at det ikkje er naudsynt å endre besøksrutinar her på Osterøytunet. Eg vil likevel minna om at de som sjølv er i risikogruppa er råda til å leve meir skjerma slik som smittesituasjonen er no.

Eg vil be om at dei som har opphalde seg i kommunar med innskjerpa smitteverntiltak som til dømes Bergen, Kvam, Ulvik eller på austlandet, ikkje kjem på besøk no. Om du har vore i nokre av desse områda dei siste 10 dagane så tilrår me at du tek kontakt med koronatelefonen for råd og eventuelt testing.

Status vaksinering:

Dei fleste av våre bebuarar har no fått to dosar med Covid-19 vaksine, men i nesten alle gruppene våre er det nokon som av ulike grunnar ikkje har fått vaksine. Me er ikkje ferdig med å vaksinera helsepersonell.

Vaksina skal ha full effekt 1 veke etter siste dose og planen vår er å endre noko på besøksrutinane våre frå 15.02. Dette vil me komme tilbake til når me veit korleis smittesituasjonen  utviklar seg og kva smitteverntiltak som vil gjelde frå neste veke.

Dette brevet blir sendt som e-post eller post til næraste pårørande. Dersom du er nær pårørande og ser dette brevet på nettsida vår og ikkje har fått dette brevet som e-post, ta kontakt med Monica Sandnes  (Monica.Sandnes@osteroy.kommune.no) for å registrere e-post adressa di. Me ber om at de hjelper oss med å informerer resten av familien og andre som ynskjer å koma på besøk.                

Venleg helsing  Åse Vevle, Einingsleiar Osterøytunet                   


Sist oppdatert: 08.02.2021
Publisert: 08.02.2021