Status 12.11.21

Me har vore i møte med omegnskommunane våre i dag, og det er mogleg det vert innført regionale tiltak i løpet av neste veke.
Hurtigtestar for bruk heime vil neste veke verte distribuert ut til familiar gjennom skulane og barnehagane saman med eit infoskriv.
  • Teststasjonen og koronatelefonen har ope måndag, onsdag og fredag mellom kl. 09.00 – 12.00. Utvida opningstid vert vurdert kontinuerleg.
  • Hugs å ha ekstra fokus på dei generelle smittevernreglane i tida framover: god handhygiene og å halde seg heima når ein er sjuk er viktig no.
  • Me tilrår no bruk av munnbind på butikkar og på kollektivtransport.
Det er framleis om lag 800 ostringar over 15 år som ikkje har vaksinert seg. Me vil på det sterkaste oppmoda til at dei som ikkje har vaksinert seg gjer dette så snart som mogleg.
Ved å ta vaksina gjer me Osterøy til ein tryggare plass både for oss sjølv og dei rundt oss.

Sist oppdatert: 12.11.2021
Publisert: 12.11.2021