HeimKoronaOppdateringar - kva skjer i OsterøyOsterøy kommune innfører ikkje forskrift om ekstra smittevern på byggeplassar

Osterøy kommune innfører ikkje forskrift om ekstra smittevern på byggeplassar

Etter ei samla vurdering av våre lokale tilhøve ser me det som ikkje naudsynt med eigen forskrift for byggeplassar i Osterøy kommune. Me kjem difor ikkje til å innføre dette på noverande tidspunkt. Me har i dag hatt eit godt møte med næringa der kommuneoverlegen informerte og gav råd til næringa om smittevern på byggeplassar. Me har hatt stor fokus i vår kommunikasjon til næringa om at Byggnæringens Landsforening sin bransjestandard for smittevern på byggeplass bør følgast. Me føler me har god dialog og at det er god etterlevelse av smittevernråd i byggnæringa her lokalt.Me skal alltid vera på tilbodssida når våre innbyggjarar treng råd rundt smittevern og råder alle som treng hjelp til å ringe koronatelefonen for rettleiing. Dette gjeld likefult bedrifter, lag og organisasjonar som privatpersonar.


Sist oppdatert: 12.02.2021
Publisert: 12.02.2021