Osterøy helsestasjon

Helsestasjonen gjenopptek no ordinær drift med nokre unntak.

Det skal vere trygt å koma på helsestasjonen og vi vil ha stort fokus på smittevernstiltak.

Gravide, barn, foreldre eller ungdom som er i karantene, har symptomer på sjukdom eller er sjuke skal ikkje koma på helsestasjonen.Ta kontakt med oss for ny time. Vi vil og kunne gjennomføra konsultasjonar via telefon eller video.

  • Kom presis til avtalar, unngå unødig opphald i ventearealet og gje beskjed ved forseintkoming.
  • Vask hender grundig, evt. sprit hender før konsultasjonen byrjar.
  • Barnet følges med ein forelder/ vaksen. Vi ber om at søsken ikkje tas med på konsultasjonen dersom dette er mogleg.
  • Ta gjerne med eigne leikar, då våre er tatt vekk av smittehensyn.
  • Den gravide bør koma åleine til konsultasjonen, med mindre anna er avtalt.

Helsesjukepleiarane  vil ikkje vere til stades på skulane i tida fram til sommarferien. Dette fordi dei jobbar i koronateamet med smittevernsarbeid.

Helsestasjon for ungdom vil no vere open for konsultasjonar, men ikkje drop inn. Ring eller send sms på tlf.nr. 94508714 for å avtale tid.

 Informasjon fra HelseNorge: Gravide og korona

 Informasjon fra FHI: Råd om korona til foreldre, barn og gravide


Sist oppdatert: 08.05.2020
Publisert: 08.05.2020