HeimKoronaOppdateringar - kva skjer i OsterøyOpnar opp for alkoholservering

Opnar opp for alkoholservering

Det skal framleis vere skjenkestopp ved midnatt og nye gjester kan ikkje sleppes inn etter kl 22.

Me kjem ikkje til å gjere lokale vedtak som skil seg frå dette. Det er ikkje grunnlag for å nekte alkoholservering slik smittesituasjonen er i kommunen no.

Det betyr at frå natt til fredag kan serveringstadene sjenke alkohol i samband med matservering.

Me ber alle følgje smittevernreglane og me ynskjer våre serveringsstader lykke til framover.

Sist oppdatert: 20.01.2021
Publisert: 20.01.2021