HeimKoronaOppdateringar - kva skjer i OsterøyNye besøksreglar for Osterøytunet

Nye besøksreglar for Osterøytunet

Status vaksinering:

Dei fleste av våre bebuarar har no fått to dosar med Covid-19 vaksine, men i nesten alle gruppene våre er det nokon som av ulike grunnar ikkje har fått vaksine. Dei bebuarane som ikkje har fått vaksine, skal heller ikkje ha den. Me er ikkje ferdig med å vaksinera helsepersonell. Difor er det viktig at besøkjande held avstand som tidlegare.

Me ber om at dei som har opphalde seg i kommunar med innskjerpa smitteverntiltak grunna mutert virus (som til dømes Bergen, Kvam eller Ulvik) er spesielt varsam . Om du har vore i nokre av desse områda dei siste 10 dagane så tilrår me at du tek kontakt med avdelingsleiar for å vurdere smitterisiko før eventuelt besøk.

Me er klar over kva Bent Høie seier med tanke på å klemme igjen! Bebuarane som har fått siste vaksinedose for to veker sidan, kan no få klem frå pårørande som også er vaksinert! Det viser ser på austlandet at bebuarar på sjukeheim har fått sjukdom, trass vaksine, men det blir meldt at dei får mildare symptom. Grunna smittesituasjon i kommunar rundt oss  og tiltaksnivå i Osterøy kommune, ynskjer me å vente ei stund til med å opne opp for meir nærkontakt.

Gjeldande rutine:

  • Besøk må som før avtalast på førehand med personalet i gruppa, helst dagen før.
  • Me ber om at besøk føregår etter klokka 11.00 og at ein unngår besøk i samband med måltid og i vaktskiftet.
  • Når de ringjer for å avtale tidspunkt for besøk, vil personalet fylle ut eit skjema med namn, telefonnummer og dato/klokkeslett for besøket. De vil også bli spurt nokre spørsmål knytt til helsetilstand.  Dette er viktig for å kunna komme raskt i gang med smittesporing dersom det oppstår smitte på Osterøytunet. Skjemaet vil bli makulert etter 2 veker.
  • Det kan ikkje være meir enn 2 besøkjande inne samstundes. Alle besøkjande må kunne ivareta smittevernråda.
  • Besøkjande blir henta av personalet utafor avtalt inngangsdør og følgt til pasienten sitt rom. Besøkjande kan ikkje opphalda seg i fellesrom.
  • Minner om besøk ute er anbefalt når været tilet dette
  • Biltur eller besøk heime kan gjerast i enkelte tilfelle, men må avklarast på førehand.
  • Bursdagsfeiring: Om nokon ynskjer å feire bursdag med fleire enn to, kan de ta kontakt og avklare dette. Det er  mogleg å gjennomføre i dagavdelinga med maks 5 gjester.

Smittevernreglane gjeld framleis:

  • Besøkjande må vera friske og utan milde symptom på luftvegsinfeksjon eller andre nyoppståtte symptom.
  • Besøkjande må ikkje vera i karantene eller isolasjon
  • Besøkjande kan ikkje ha vore utanlands siste 10 dagar. Besøkjande frå kommunar med utbrot av mutert virus: Ta kontakt med avdelingsleiar for avklaring
  • Besøkjande må utføra handhygiene med handdesinfeksjon ved ankomst, også ved besøk ute. Me anbefaler framleis bruk av munnbind.
  • Besøkjande må minst halda 1 meters avstand både til pasient og personale, både utandørs og innandørs.
  • For dei bebuarane som ikkje har føresetnader for å etterleva smittevernreglane, er me klar over at det kan bli meir nærkontakt enn tilrådeleg. Me vurdere likevel at det er viktig for dei at dei får kontakt med sine næraste pårørande. Me minner om å framleis nytta nettbrett og telefon til kontakt slik at ein unngår mange besøk.

Dette brevet blir sendt som e-post eller post til næraste pårørande. Dersom du er nær pårørande og ser dette brevet på nettsida vår og ikkje har fått dette brevet som e-post, ta kontakt med Monica Sandnes (Monica.Sandnes@osteroy.kommune.no) for å registrere epost adressa di.
Me ber om at de hjelper oss med å informerer resten av familien og andre som ynskjer å koma på besøk.                

Med venleg helsing Åse Vevle, Einingsleiar Osterøytunet


Sist oppdatert: 19.02.2021
Publisert: 19.02.2021