HeimOppdateringar - kva skjer i OsterøyRegjeringa innfører regionale tiltak frå i kveld klokka 21

Regjeringa innfører regionale tiltak frå i kveld klokka 21

Tiltaka er dei same som vart innførte for Oslo og fleire kommunar i Innlandet og Viken fylke i går.

I Vestland gjeld tiltaka kommunane Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Kvam, Osterøy, Modalen, Samnanger, Vaksdal, Voss og Øygarden.

Helsedirektoratet støttar statsforvaltaren i oppmodinga om at følgjande kommunar følgjer smittesituasjonen i eigen kommune tett og kontinuerleg vurderer behovet for forsterka tilrådingar og tiltak: Eidfjord, Fedje, Gulen, Masfjorden og Ulvik.

Dei regionale tiltaka vil tre i kraft i dag, fredag 3. desember klokka 21, og gjeld inntil vidare.

Dette er dei nye tiltaka

  • Påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde minst ein meter avstand i butikkar, kjøpesenter, kollektivtransport og taxi. Plikten til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre grunnar ikkje kan bruke munnbind.
  • Påbod om at arbeidsplassar der heimekontor er mogleg utan at det går utover viktige og naudsynte tenester, skal sørgje for at tilsette jobbar heimanfrå heile eller deler av uka.
  • Antalsavgrensingar for private arrangement innandørs. Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde eller lånte lokale.
  • Plikt for serveringsstader og arrangørar til å ha system for å registrere gjester og for å varsle gjester om smitteeksponering
  • Krav om bordservering av alkohol for serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve.
  • Krav om sitjeplassar for serveringsstader med skjenkeløyve.
  • Det kan maksimalt vere 600 i publikum på innandørs arrangement utan faste tilviste plassar. Dei skal delast i kohortar som ikkje er større enn 200.

Nødvendige tiltak

Fungerande statsforvaltar Gunnar O. Hæreid seier at både kommunane og helseføretaka har gitt ei tydeleg tilbakemelding om at presset på tenestene er svært stort.

– Vi meiner at tiltaka er nødvendige for å halde kontroll på pandemien i regionen, og unngå ein situasjon der det kan vere fare for at kommunane og sjukehusa misser evna til å levere kritiske tenester. Vi meiner også at tiltaka i seg sjølve er lite inngripande for born og unge, privatpersonar elles og næringslivet.

Endring i covid-19-forskriften - Regionale tiltak i kommuner i Vestland fylke

Regionale smitteverntiltak i fleire kommunar i Vestland (regjeringa.no)


Sist oppdatert: 03.12.2021
Publisert: 03.12.2021