HeimKoronaOppdateringar - kva skjer i OsterøyNedgangande smittespreiing i Bergen

Nedgangande smittespreiing i Bergen

Me er glade for å sjå at det er ein nedgangande trend med smittespreiinga i Bergen. Slik me ser det har me ikkje noko grunnlag for å vidareføre dei ekstraordinære tilrådingane gitt i samband med smitteutbrotet i Bergen.
Difor vidarefører me ikkje dei tilrådingane frå i dag av. Me har tillit til at våre innbyggjarar gjer gode val for seg og dei rundt seg.
Det er framleis viktig at me er flinke å ta vare på kvarandre og føl dei generelle smittevernreglane.

Sist oppdatert: 23.09.2020
Publisert: 23.09.2020