Melding frå koronateamet


Det er ingen nye smitta etter 13.januar på Osterøy. Den smitta er avisolert og ingen av nærkontaktene vart sjuke. Denne veka er det testa 95 stk og av desse så var 29 stk av dei testa kun på bakgrunn av reisevirksomhet til/frå austlandet og til/frå utlandet. Så det er ein del reisevirksomhet. Me minnar på å unngå unødvendige reiser og spesielt ikkje til dei 25 kommunane på austlandet som har strengare smitteverntiltak grunna den muterte varianten av koronaviruset.

Me må alle forberede oss på at me på kort varsel enten vil få dette muterte viruset hit eller at ein av våre nabokommuner vil få det. Me vil då kunne raskt gå over til anna risikonivå som medfører strengare smitteverntiltak i samfunnet slik det er blitt gjort på austlandet i kommunar der muterte virus er kome og i deira nabokommuner.

Omegnskommunane til Bergen har vore i møte saman, både fagfolk og politikarar og me må vere forberedt på regionale regler dersom me får utbrudd i vår del av landet. Me kan risikere tiltak tilsvarende nivå 4-5 slik det er i dei 25 autlandskommunane no.


Sist oppdatert: 29.01.2021
Publisert: 29.01.2021